Smart havtalegrep

23 juni, 2022 | Blogginnlegg

«Havets tilstand» er blitt ei årleg greie, i regi av Havforskingsinstituttet og havforskingsdirektøren. I år var statsministaren invitert til å dele sine perspektiv på moglegheitene og utfordringane i hav- og kystområda vore. Det var eit smart grep.

Havtalen 2022 var den fjerde i rekka og vart halden av statsministar Jonas Gahr Støre i Grieghallen i Bergen onsdag 22. juni. Å tale til havforskarar og andre inviterte gjester såg ut til å vera eit etterlengta avbrekk frå reverseringsrundar på Sørlandet, som har prega norsk politikk den siste tida. Det er ganske tydeleg at Støre likar denne type format. 

Vi veit at havet vil spele ei heilt sentral rolle i utviklinga av det norske samfunnet framover. Vi veit også at det er heilt avgjerande at ulike omsyn vert balansert på ein god måte, for å sikre ei berekraftig utvikling. Difor er det bra med slike arenaer, og det er heilt naturleg at dei er her på Vestlandet – episenteret for hav og utviklinga som skal skje i havet framover. 

Til vanleg er det havforskingsdirektøren sjølv som har halde desse talane, men i år hadde dei valt ei anna tilnærming: Gjennom å gi oppgåva vidare til landets statsministar og leiaren av det internasjonale havpanelet. Det var eit smart grep, der ein bidreg til å setja agendaen og gir statsministaren god taletid til å snakke om sine visjonar og perspektiv for utviklinga innanfor havet. Vi treng fleire arenaer av denne typen, og organisasjonar på Vestlandet bør la seg inspirere av havforskningen sitt grep.

Støre sette i sin havtale med anna fokus på koplinga mellom det som skjer i havet og det som skjer på land, og adresserte fleire gonger behovet for ei meir heilskapleg tilnærming til dette framover. Det er ein tematikk vi i Initiativ Vest har jobba mykje med det siste året, og som vi har ivra for at får ein større plass i havdebatten her heime. I etterkant av sin tale vart han utfordra på fleire punkt av havforskingsdirektøren, med anna kring kunnskapen sin status i samfunnet.

Les meir om når vi i Initiativ Vest kopla hav og samfunn under The North West i Ålesund.

I tida som kjem skal Støre delta på fleire store internasjonale konferansar, med anna skal han delta på FN sin store havkonferanse i Lisboa som byrjar 27. juni. Organisert kriminalitet til havs, heilskaplege forvaltningsplanar og plastforureining er nokre av stikkorda for Noreg si deltaking på denne konferansen. 

Eit havland som Noreg må sjølvsagt delta aktivt i internasjonale prosessar knytt til havet, men statsministaren bør også ta ansvar for å i større grad kople havet inn i den politiske debatten her heime. Neste gong han vert invitert til å halde havtale vonar eg han vil nytte høve til å også fokusere på dette. 

Les meir om arrangementet og talen til statsministaren på Havforskingsinstituttet sine heimesider. 

I etterkant

Andre innlegg

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette var nyhendebrevet fredag 23. juni. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Heilt sidan Støre-regjeringa flytta inn regjeringskontora har det blitt bygd opp forventningar til distriktsmeldinga. Ikkje så rart når Senterpartiet sit i regjering. Då har...

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Kva med oss som bur her då?

Kva med oss som bur her då?

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie.  «Har du tenkt på kva...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This