Tettare samarbeid for å utvikle berekraftige regionar

10 mai, 2021 | Nyhende

The North West og tankesmia Initiativ Vest har denne veka signert ein avtale om tettare samarbeid mellom dei to organisasjonane i tida som kjem. Organisasjonane har ei rekkje samanfallande interesser og gjennom denne avtala forpliktar partane seg til å støtte opp om og bidra på kvarandre sine arrangement.  – Dette samarbeidet vil vere viktig i arbeidet med […]
IV og TNW samarbeid

The North West og tankesmia Initiativ Vest har denne veka signert ein avtale om tettare samarbeid mellom dei to organisasjonane i tida som kjem. Organisasjonane har ei rekkje samanfallande interesser og gjennom denne avtala forpliktar partane seg til å støtte opp om og bidra på kvarandre sine arrangement. 

– Dette samarbeidet vil vere viktig i arbeidet med å bygge gode regionar på vestlandet framover. Vi skal lære av, og løfte kvarandre i dette arbeidet, seier dagleg leiar i The North West Gjermund Kvernmo Langset 

– Vi er glade for å inngå eit samarbeid med The North West. Det å bidra til tettare samarbeid på Vestlandet er ein av dei viktige grunnane for skipinga av Initiativ Vest. Vi er begge opptekne av å utvikla gode regionar og å løfte spørsmål kring samfunns- og næringsutvikling høgre på dagsorden, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Ole Rasmus Øvretveit  

Skal bidra under The North West i 2021

Ein av tinga som er slått fast i samarbeidsavtala er at Initiativ Vest skal bidra under konferansen The North West i 2021. Initiativ Vest arbeider i hovudsak med spørsmål og saker innanfor hav og samfunn og det er langs desse spora dei vil bidra i det faglege programmet under årets konferanse. 

– Vi gler oss til å kunne vitje The North West og dei mange spanande miljøa i Ålesund når det igjen vert mogleg, og ikkje minst ser vi fram til å bidra på konferansen The North West i 2021, avsluttar Øvretveit

– Samarbeidet vil gi enno meir styrke og relevans inn i diskusjonane vi skal ha på The North West til hausten. At vi klarar å jobbe saman, er nøkkelen for å lukkast framover, legg Langset til. 

Dersom ein ynskjer ytterlegare informasjon eller kommentarar om dette samarbeidet kan ein ta kontakt med Initiativ Vest v/Ole Rasmus Øvretveit – 997 38 185 eller The North Vest v/ Gjermund Kvernmo Langset – 976 49 061.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This