Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

18 november, 2022 | Nyhende

Torsdag 18. november arrangerte vi den tredje samlinga i det andre kullet av Vestlandsakademiet. Denne gongen var det havet, og havregionen, som var tema.Havet er viktig for Vestlandet i dag, men vil verta minst like viktig i framtida. Mange av satsingsområda til styresmaktene knyt seg til havnæringane, som har sitt tyngdepunkt her på Vestlandet. Men syner […]

Torsdag 18. november arrangerte vi den tredje samlinga i det andre kullet av Vestlandsakademiet. Denne gongen var det havet, og havregionen, som var tema.

Havet er viktig for Vestlandet i dag, men vil verta minst like viktig i framtida. Mange av satsingsområda til styresmaktene knyt seg til havnæringane, som har sitt tyngdepunkt her på Vestlandet. Men syner det at i investeringar, og kvifor er det så få vestlandspolitikarar som snakkar om hav?

Kunnskap og råd om havet
På samlinga var havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø invitert. Han fortalte deltakarane i akademiet om havnæringane, og om korleis hans institutt arbeider for å å fram kunnskap og råd til styresmaktene.

I etterkant av hans innlegg fekk han fleire spørsmål og utfordringar frå deltakarane. Med anna fekk han spørsmål om konsekvensane av havvindutbygging og han vart utfordra på i kva grad ein ein tenker og ser næringar i samanheng. 

Innlegget til Kvamstø vart også med som eit viktig bakteppe inn i dei påfølgjande drøftingane som følgde utover kvelden. 

Hav og samfunnsutvikling 
Den andre som var henta inn for å innleie på denne samlinga var Gjermund Kvernmo Langset, som var deltakar i det fyrste kullet av Vestlandsakademiet. Han er i dag leiar for forretningsutvikling og berekraft i Bauta Group, og er i tillegg dagleg leiar i Marad Norway AS. 

Langset brukte mykje tid i sitt innlegg på å løfte fram samfunnsutviklinga kring havnæringane langs kysten, og utfordra på særskilt to ting:

Korleis skal vi klare å rekruttere nok folk med rett kompetanse?

Korleis sikre at vi ligg i førarsetet på innovasjon og utvikling?

I dei påfølgjande drøftingane var det fleire som var innom ulike element av dette, og fleire løfta fram ulike tiltak og behov frå sine regionar og næringar knytt til rekruttering. 

Neste samling i akademiet er på nyåret og då er målet å drøfte konkrete løysingar på korleis ein skal greie å sikre nok kompetanse framover. 

Kva er Vestlandsakademiet?
Vestlandsakademiet samlar unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet.

Initiativ Vest mottek støtte frå Agenda Vestlandet. I tillegg har vi fått prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank.

Les meir om Vestlandsakademiet og kven som deltek i årets kull her.

30
Biletet er frå ei samling i det fyrste kullet i Vestlandsakademiet. Foto: Truls Lerø



Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This