Blogg: Lokalsamfunn, tillit og attraktivitet

23 april, 2021 | Innlegg

Ei av dei store megatrendane som verda står ovanfor er sentralisering. Dette skjer også i Noreg. For Vestlandet sin del er ikkje trenden ekstremt mørk. Befolkningstalet vil halde seg nokon lunde stabilt i tiåra som kjem men, fleire unge vel å flytte ut. Det er ei utfordring.  Regionen er ein drivar både i den grøne […]
Untitled design 7

Ei av dei store megatrendane som verda står ovanfor er sentralisering. Dette skjer også i Noreg. For Vestlandet sin del er ikkje trenden ekstremt mørk. Befolkningstalet vil halde seg nokon lunde stabilt i tiåra som kjem men, fleire unge vel å flytte ut. Det er ei utfordring. 

Regionen er ein drivar både i den grøne omstillinga og i utviklinga på havfronten men står i fare for å tape viktig kompetanse til det sentrale austlandet. Øygarden er av dei heldig stilte kommunane  på Vestlandet og det er venta nær 10 000 nye innbyggjarar fram mot 2050. Det er bra! Men, det kviler også eit særskilt ansvar på dei kommunane i landsdelen som er attraktiv. Ikkje mist i å sikre gode lokalsamfunn slik at Vestlandet blir ein kompetanseregion som held på talent og kompetanse også i framtida.  Her tar Øygarden grep, blant anna gjennom programmet Lokal samfunnsverkstad. Lokalsamfunn er viktige. Kommunar med gode lokalmiljø er meir attraktive og har meir stabil busetnad. 

Bygder og bumiljø som er inkluderande og som har lågterskel tilbod for aktiv deltaking er opne og legg til rette for høg tillit. Den høge tilliten i Noreg er ekstremt verdifull. NHH-professor Alexander W. Cappelen hevdar at den er viktigare en olja i den norske økonomien. Tillit legg også grunnlaget for demokratisk deltaking. Likeheit og tillit heng saman. I Noreg aukar økonomisk og geografiske skilnader. Tillit vert danna i aktiv samhandling med andre. Då er nettopp opne og aktive lokalsamfunn viktige der ein kan treffast på tvers av økonomisk, sosial og politisk bakgrunn. I denne samanhengen for ein kommune som ventar vekst er det særskilt viktig å lage planar for gode bumiljø.

Det er mange dømer på kommunar og områder som har vore godt stilt og har hatt god tilflytting, men der den sosiale delen av bustadfelt, bydelar og bygder har blitt nedprioritert. Det låg bukvalitet, låg status og høg gjennomtrekk. Øygarden kommune bør fortsette satsinga på å vere ein kommune der unge både vil flytte til og bli. Lukkast kommunar som Øygarden lukkast Vestlandet og då lukkast og Noreg i omstillingsprosessane vi har framfor oss.

Ole Rasmus Øvretveit
Dagleg leiar, Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This