Desse tre forholda vert avgjerande for at Vestlandet skal lukkast

5 april, 2022 | Innlegg

Vestlandet sitt store potensiale knyt seg i stor grad til naturressursane i regionen vår. Vi meiner at tre forhold blir særskilt viktig om vil skal lukkast med å utløyse dette potensialet: kompetanse, infrastruktur og meir samarbeid. 

Vestlandet sitt store potensiale knyt seg i stor grad til naturressursane i regionen vår. Vi meiner at tre forhold blir særskilt viktig om vil skal lukkast med å utløyse dette potensialet: kompetanse, infrastruktur og meir samarbeid. 

Untitled design 29
Dette innlegget er skrive av styreleiar Geir Inge Lunde og dagleg leiar Tommy Aarethun.

Vestlandet er i rapport etter rapport peika på som ei viktig brikke for at Noreg skal lukkast med den omstillinga vi no står i. Vi veit  at havnæringane og naturressursane som fins i denne regionen vil verta heilt avgjerande i ei verd som går mot 10 milliardar menneske i 2050. Dei vil ha behov for blant anna berekraftig mat, mineraler og energi. 

Kompetansen må vera tett på
To av tre verksemder i Noreg har i følgje NHO sitt kompetansebarometer for 2021 eit udekt kompetansebehov. Det er det høgste talet i barometeret si historie, og stør opp under det vi veit vil verta ei stor utfordring også framover: tilgang på nok og rett kompetanse. Ein annan trend som går tydeleg fram av barometeret er at det er eit aukande behov for handverksfag, tekniske fag og ingeniørfag. Ikkje minst vil dette framover verta viktig for å sikra at industrien, og det øvrige næringslivet på Vestlandet, har tilgang på den arbeidskrafta som skal bidra til det grøne skiftet. Her blir både utdanning av nye kandidatar, og kompetanseheving for dei som alt er ute i arbeidslivet heilt sentralt. 

Det er gledeleg at ein nyleg kunne lese om at det er svært god søking til teknologi- og industrifag i Rogaland. Gledeleg er det også å sjå at kompetanse er løfta fram som eitt av fire hovudområder i Møre og Romsdal fylkeskommune sin ambisiøse plan for langsiktig omstilling av næringslivet, Skaparkraft, der ein har satt av 15 millionar årleg i 10 år.  

Framover vil det vera heilt avgjerande at politikarar, utdanningsleiarar og andre som arbeider med desse problemstillingane bidreg til at vi får eit system som sikrar eit tettare samspel mellom utdanning, næringsliv og offentleg sektor. Universiteta, høgskulane, fagskulane og dei vidaregåande i regionen vil spele ei heilt avgjerande rolle om ein skal lukkast med omstillinga. Dei bør opne seg enno meir mot samfunnet enn kva dei gjer i dag, og sjølv om dei likar å konkurrere om studentar og pengar bør dei også samarbeide tettare om dei tinga dei kan bli betre på saman.   

Infrastrukturen må på plass
For å utløyse potensialet som ligg i naturressursane, og for å kunne løyse dei store oppgåvene vi som samfunn står overfor i åra som kjem er det i tillegg heilt avgjerande at infrastrukturen kjem på plass. Her vil vi trekke fram tre former for infrastruktur. 

Det fyrste er det kritiske behovet for å få på plass heilt naudsyn nettkapasitet til å frakte straumen fram til Haugalandet, Bergensregionen og dei andre regionane som i dag, og i framtida vil ha knappheit på energi til nye grøne industriinitiativ. Grøn Region Vestland løftar fram ei lang rekkje grøne prosjekt. Dei aller fleste av desse er kraftkrevjande og har difor behov for kraft som i dag ikkje fins på riktig stad. I tillegg veit ein at ein allereie har måtta sagt nei til fleire etableringar grunna manglande straum. 

For det andre må vi auke utbygginga av breiband som gjer det mogleg å ta del i, og utnytte det store potensialet som ligg i den digitale transformasjonen. Dette kan opne opp heilt nye dørar, og den enorme utvikla vi har sett innanfor dette feltet under koronapandemien kan opne opp for nytenking knytt til desentralisering og utvikling i heile landet. I ein nyleg rapport vert det peika på at ein kan få ein meirvekst i verdiskapinga på 75 milliardar om ein framskundar overgangen til gigabit-samfunnet. Det å investere i utbygging av denne typen infrastruktur, som vil bidra til vekst, utvikling og moglegheita til å leva gode liv over heile landet bør vera forlokkande for dagens regjering.

Sist men ikkje minst er det avgjerande at vi klarer å byggje saman Vestlandet gjennom viktige samferdsleprosjekt. Vestlandet er, med sine 1,4 millionar menneske, den einaste regionen i Noreg som samla har ein reell moglegheit til å vera ei motkraft til Oslo-regionen. Vi har tidlegare skrive i ein kronikk i Stavanger Aftenblad at Oslo-regionen, som alt er den mest samanbygde regionen,  vil verta ytterlegare bygd saman gjennom InterCity-prosjektet. Dette vil styrka Oslo-regionen sin posisjon på kostnad av andre regionar i Noreg. I NTP 2022-33 har vi for fyrste gong fått ei historisk satsing på nord-sør aksen på Vestlandet.  Det er avgjerande at vestlendingane står saman om denne for at Vestlandet, og dermed Noreg, skal kunne lukkast med å utløyste potensialet gjennom å kople saman ein rekkje bu- og arbeidsmarknadsregionar langs heile kysten. Ei slik nord-sør satsing vil også mogleggjere eit betre samarbeid og ein ytterlegare desentralisering av makt i kongeriket. 

Samarbeidet må sterkast
Vestlandet er for fragmentert, og det ville ha styrka regionen sine sjansar til å lukkast dersom vi hadde fått til fleire og betre samarbeid i regionen. Arbeidet med ein felles næringsstrategi for vestlandsfylka i regi av Vestlandsrådet, der vi i Initiativ Vest har bidrege, er eit godt initiativ til å byggje ein kultur for samarbeid i regionen. 

Eit godt neste steg i dette arbeidet vil vera å styrke samarbeidet mellom byane og dei større kommunane i regionen, om sentrale prosjekt og saker der ein har felles interesser og vil tene på å stå saman. Samferdsle, kompetanse og næringsutvikling med  posisjonering opp mot nasjonale styresmakter er dømer på saker der ein ville tent på i større grad stå saman. 

Dei store byane, som Bergen, Stavanger og Ålesund, burde etter vårt syn ta eit særskilt ansvar for dette og gå føre i arbeidet med å styrke samarbeidet på tvers av byane i regionen. Det ville gitt det gode arbeidet som er byrja i regi av fylka eit ytterlegare løft. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This