Det meste av livet må vi laga sjølve

24 april, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 21. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Neste veke inviterer våre samarbeidspartnarar i The North West til sin årlege konferanse i Ålesund. Konferansen samlar næringsliv, politikarar, offentleg sektor og andre beslutningstakarar. Der er vi sjølvsagt på plass, og sjølv skal eg med anna delta i ei […]

Dette var nyhendebrevet fredag 21. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Neste veke inviterer våre samarbeidspartnarar i The North West til sin årlege konferanse i Ålesund. Konferansen samlar næringsliv, politikarar, offentleg sektor og andre beslutningstakarar. Der er vi sjølvsagt på plass, og sjølv skal eg med anna delta i ei panelsamtale om rekruttering under årets hovudkonferanse Liv laga for næringsliv og vekst. 

Programmet og opplegget i Ålesund kan du lese meir om her. 

Tittelen på årets konferanse, Liv laga,  er god og utrykket dreier seg om framtida. Altså, er ting liv laga framover? Spørsmåla som vert reist under denne overskrifta er etter mitt verdt å reflektere kring for fleire enn dei av oss som skal delta på sjølve konferanse.

Kan vi forvente at andre «lagar livet»  for oss, eller må vi ta ansvar for det sjølv?

La oss sjå litt på det siste året når vi skal reflektere kring dette spørsmålet.

Ei sak som har fått mykje merksemd det siste halve året er skatt, og særskilt regjeringa sitt framlegg til ein ny grunnrenteskatt på havbruk. Ei sentral næring på Vestlandet og langs heile kysten. I Møre og Romsdal har saka fått mykje merksemd og før påske vart «Vestlandsopprøret» sparka i gang i Atlanterhavsparken av sentrale næringslivstoppar. 

Ein kan ha ulike meiningar om skatt og skattenivå, men at prosessen har vore uheldig og skapt stor usikkerheit er vanskeleg å kome utanom. Skatten skal landast i Stortinget før sumaren, men framleis er det usikkerheit knytt til korleis dett endeleg landar. Denne veka er regjeringa sine «lakseutsendingar» på Færøyene for å lære, melder E24

I tillegg har det vore eit tungt år for samferdsleløyvingar i retning Vestlandet. I statsbudsjettet kom det fyrste sjokket, då fleire sentrale prosjekt i landsdelen var skrota av regjeringa. Fleire av desse vart kjempa inn igjen etter iherdig innsats av Audun Lysbakken (SV) og andre politikarar på Stortinget. 

Like før påske kom det neste sjokket, då samferdsleetatane sine prioriteringslister til ny Nasjonal transportplan (NTP) vart kjent. På ny må ei rekkje organisasjonar, verksemder og politikarar ta kampen for å auka dei totale råmene for på sikre at naudsynt infrastruktur i regionen kjem på plass. 

På den positive sida kan vi trekke fram at ei sak som mange har etterlyst over tid no ser ut til å ha kome inn på eit godt spor. Denne veka la regjeringen fram sin handlingsplan for raskare nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet. Sentralt i dette er eit hurtigspor for konsesjonsbehandling av enkle saker og framlegg om at nettselskapa skal ta omsyn til prosjekta sin modenheit ved fordeling av nettkapasitet.

For å svare på mitt eige spørsmål.

Det meste av livet må vi ta ansvar for å lage sjølve, men sakene over syner også at vi i landsdelen er avhengige av at nasjonale råmevilkår og løyvingar påverkar dette i aller høgste grad. Sakene over syner også at det er mange kampar å ta og saker å gripe fatt i for landsdelen framover.

Dei kampane må vi ta i lag!

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This