Kva med oss som bur her då?

2 mai, 2023 | Blogginnlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie. 

«Har du tenkt på kva det gjer med oss som bur her?» sa han. 

«Eg har bygd meg hus til 5 millionar kroner på denne staden, og dermed investert alt eg sjølv hadde og i tillegg ein god del av banken sine pengar i å vera her. Når eg vridde om nøkkelen i døra var halve verdien vekke. Den får eg aldri igjen. 

Samstundes reiser ordføraren og andre sentrale aktørar i kommune rundt og lovar 250 000 kr til dei som vil kome hit og jobbe. 

Sagt på ein litt anna måte: «her i kommune X er det altså så jævlig å bu at vi er villig til å betale dykk for å kome hit». 

Har du tenkt på kva det gjer med oss som bur her?»

For meg var dette ein augeopnar for korleis ein bør tenke og snakke om rekruttering. Eg trur vi i alt for stor grad tenker på rekruttering som ei isolert greie, og det vil ikkje fungere i den enorme kompetansekampen vi står ovanfor. Då må rekruttering i langt større grad integrerast i all samfunnsutvikling og arbeid med attraktive lokalsamfunn.

Historia hadde eg med meg når eg deltok i ei panelsamtale under The North West i Ålesund onsdag denne veka, der rekruttering var tema. 

Mitt bodskap i samtalen var tredelt:

– Rekruttering og kompetanse må ikkje sjåast på som ei isolert greie, men integrerast tettare i all samfunnsutvikling.

– Ikkje gløym folka og kompetansen som alt er her i jakten på ny kompetanse.

– Fokuser meir på tilflytting heller enn heimflytting.

Det er mange stader på Vestlandet som slit med mykje av det same når det gjeld rekruttering og kompetanse. Då må vi samarbeide om å auke potten av folk på Vestlandet, heller enn å kjempe mellom byar og regionar på Vestlandet.

Så får ein heller krangle «så busta fyk» om folka når vi fyrst har fått dei hit.

Denne veka har vi også hatt samling i Vestlandsakademiet, og drøfta kva som skal til for at Vestlandet skal vera ein berekraftig region i åra som kjem.

Sentrale stikkord var auka samarbeid, meir openheit, løfte fram sterke røyster, politisk vilje og risiko, kultur og frivilligheit, høgare utdanningsinstitusjonar som samarbeida tett med næringsliv og forvaltning. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Det meste av livet må vi laga sjølve

Det meste av livet må vi laga sjølve

Dette var nyhendebrevet fredag 21. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Neste veke inviterer våre samarbeidspartnarar i The North West til sin årlege konferanse i Ålesund. Konferansen samlar næringsliv, politikarar, offentleg sektor og andre...

Kva skjer med kommunane framover?

Kva skjer med kommunane framover?

Dette var nyhendebrevet fredag 14. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Veka før påske kom Generalistkommuneutvalet sin rapport. Rapporten har fått tittelen «Likt ansvar – ulike forutsetninger» og verkar å vera på god veg ned i ei skuff i...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This