Det politiske landskapet – endringar frå 2019-2023

22 november, 2023 | Nyhende

Valet i haust har ført med seg endringar i det politiske landskapet på Vestlandet. Endringane frå 2019 til 2023 er interessante. Høgre meir enn doblar talet ordførarar på Vestlandet frå 14 til 30, medan dei to regjeringspartia begge går attende. Ap går frå 35 til 23 ordførarar, medan Senterpartiet går frå 29 til 23 ordførarar.  


Vi lanserer no eit nytt nyhendebrev skreddersydd for folkevalde på Vestlandet. Her kan du halde deg oppdatert, få inspirasjon frå andre kommunar og nye perspektiv på saker av lokal, regional og nasjonal betydning. 

Valet i haust har ført med seg endringar i det politiske landskapet på Vestlandet. Endringane frå 2019 til 2023 er interessante. Høgre meir enn doblar talet ordførarar på Vestlandet frå 14 til 30, medan dei to regjeringspartia begge går attende. Ap går frå 35 til 23 ordførarar, medan Senterpartiet går frå 29 til 23 ordførarar.  Den komplette oversikten over endringar i kven som har ordføraren i kommunane på Vestlandet er slik:

I tillegg til valet i Vestlandet sine 92 kommunar vart det gjennomført val i Haram kommune, som frå 01.01.24 vert eigen kommune. Her vert Vebjørn Krogsæter frå Senterpartiet ny ordførar.

Geografiske forskjellar



Gjennom å studere dei to karta vil ein få auge på nokre klare endringar. I grove trekk kan ein seia at Høgre og Frp no har eit blått belte langs kysten, medan Arbeiderpartiet og Senterpartiet står langt sterkare i indre strøk.

Ein kan argumentere for at dette på sett og vis er ei normalisering av korleis situasjonen historisk har vore, og at Ap i 2015 og 2019 tok og seinare beholdt makta i ei rekkje byar der ein tradisjonelt ikkje har styrt. Det er eit bakteppe som høyrer med som del av forklaringa på kvifor endringane no vert såpass store.

Vidare ser ein at Arbeiderpartiet i Vestland står særskilt sterkt i områda kring Sognefjorden og Hardangerfjorden. Dette beltet av Ap-kommunar strekk seg langs Sognefjorden, nedover i Hardanger (kun avbrutt av Ulvik som er styrt av Senterpartiet) og inn i tradisjonelle kraft- og industrikommunar som Sauda og Suldal i Rogaland. Eit fellestrekk i desse områda er at mange av dei er klassiske kraft- og/eller industrikommunar, der partiet over lang tid har stått sterkt. 

Det er også verdt å merke seg at partiet i fleire av kommunane langs Sognefjorden har reint fleirtal. Hyllestad (56,8%), Vik (58,9%), Lærdal (54,9%) og Årdal (72%). Her kan ein også leggje til at det er tre andre kommunar på Vestlandet der eit parti aleine har fleirtal: Aure (Ap 50,6%) og Smøla (Sp 50,8%) i Møre og Romsdal og Solund (Sp 52,4%). 

Skjermbilde 2023 11 21 kl. 12.02.01

Framstegspartiet på frammarsj i folkerike kommunar

I tillegg til at Høgre og Framstegspartiet no festar grepet om eit belte langs kysten er det verdt å merka seg at Framstegspartiet tredoblar talet ordførarar frå 2019 til 2023. Dei tapar ordførarmakta i Sola og Ulstein der dei hadde makta etter valet i 2019. Etter valet i 2023 har dei no ordførarmakt i Ålesund, Bjørnafjorden, Klepp, Stord, Sykkylven og Samnanger. Det er alle folkerike kommunar der fire av seks er inne på topp 20 målt etter folketal.

Dei fleste av desse finn ein i eit belte langs kysten, og dei fører seg slik sett inn i trenden der dei borgarlege partia etter valet i 2023 har festa grepet om kysten. Ein kan også leggja til at dette til dels er ei normalisering. I Os kommune, som no er ein del av Bjørnafjorden, var Terje Søviknes (Frp) ordførar frå 1999 til han gjorde rikspolitisk comeback i 2016 som statsråd. Ved valet i 2019 tapte han makta etter at opposisjonen samla seg kring Trine Lindborg (Ap), men denne semja slo etter kvart sprekkar. Det har med anna kome til utrykk gjennom at Frp/H i kommunen har fått fleirtal for sitt budsjett, og at Ap difor til tider har styrt på eit budsjett frå andre.

Kva skjer i dei ti mest folkerike kommunane?

I dei mest folkerike kommunane er endringane formidable. Etter valet i 2019 var dei ti mest folkerike kommunane på Vestlandet styrt av Arbeiderpartiet (6), Høgre (3) og Senterpartiet (1). Etter valet no i 2023 er desse kommunane styrt av Høgre (8), Framstegpartiet (1) og Senterpartiet (1).

I underkant av 1 million vestlendingar har høgreordførar

Endringane blant ordførarane i dei folkerike kommunane har store utslag for kor mange innbyggjarar som har x-ordførar. 

Skjermbilde 2023 11 21 kl. 12.09.19
Skjermbilde 2023 11 21 kl. 12.09.34

Tala ovanfor syner at det særskilt er i byane og dei folkerike kommunane at Arbeiderpartiet har gått attende. Denne trenden samsvarar godt med resten av landet, der Arbeiderpartiet har mista makta i ei rekkje av landet sine mest folkerike kommunar. På landsbasis er det berre Tromsø av dei 20 mest folkerike kommunane som er styrt av partiet.

Det skal likevel leggjast til at ein ikkje kan lese alt ut av dette. I Stavanger gjekk Arbeiderpartiet, leia av den svært populære ordføraren Kari Nessa Nordtun fram frå 25,4% i 2019 til 32,1% i 2023, men tapte likevel makta til Høgre. 

Rogaland har best kjønnsfordeling blant ordførarane


Kjønnsbalansen blant ordførarane er i stor grad opp til partia å avgjere. Det er desse som nominerer sine toppkandidatar, og dermed har hovudansvaret for kven som vert ordførar i sine kommunar. 

Blant fylka er det Rogaland som har den beste kjønnsfordelinga når ein ser på ordførarane, med 39% kvinner og 61% menn. Dårlegare står det til i andre delar av landsdelen. Vestland er dårlegast med med 30% kvinner og 70% menn, medan Møre og Romsdal har ein andel på 31% kvinner og 69% menn. 

Kva betyr dette?

Det er fleire ting som kan bidra til å forklare dei store endringane og kva konsekvensar dette vil få. I opptakten til stortingsvalet i 2021 var Senterpartiet på frammarsj, og både dei og Arbeidarpartiet lova ei rekkje ting til distrikta som seinare også vart ein del av den felles regjeringsplattforma. Det er naturleg å peike på denne linja som ein del av forklaringa av regjeringspartia sitt valresultat i 2023. 

Vidare er det for Vestlandet sin del naturleg å peike på debattane kring skattepolitikk og manglande investeringar i samferdsle og annan infrastruktur. Desse sakene viktige i mange kommunar på Vestlandet, ikkje minst i dei folkerike kystkommunane. 

Det er for tidleg å seie noko om kva direkte konsekvensar dette vil få, og bak ordførarpartia skjuler det seg ulike samarbeidskonstelajonar som vil få innverknad på kva politikk som vil verta ført i kommunane. Men det er naturleg å anta, dei store endringane tatt i betraktning, at regjeringa vil kunne møte meir motstand frå kommunane i tida som kjem.

Eit anna element som er interessant med dei folkerike kommunane er talet på fulltidspolitikarar. Det er i desse kommunane ein finn dei fleste fulltidspolitikarar i regionen, og store endringar her fører dermed til store endringar i kva parti som har flest politikarar og dermed høve til å drive politikk på fulltid. Dette kan gje fortrinn i komande val. 

Kjelder:
Valgresultat.no
Kommunane sine heimesider
Folketal er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) pr. 2. kvartal 2023.

Lenke til datasettet som er nytta som utgangspunkt for figurar og analyse.





Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This