Fart på utbygging av breiband kan sikre fart i distriktspolitikken

16 februar, 2022 | Innlegg

Breiband og digital infrastruktur er avgjerande dersom regjeringa skal lukkast med ambisjonen sin frå Hurdalsplattforma om å ta heile landet i bruk. 

Breiband og digital infrastruktur er avgjerande dersom regjeringa skal lukkast med ambisjonen sin frå Hurdalsplattforma om å ta heile landet i bruk. 

Skjermbilde 2022 02 16 kl. 14.13.13

Ny NHO-rapport

Les heile rapporten her

Tysdag 15.02 vart det presentert nye tal som syner samfunnsnytten av betre digital infrastruktur og økt digitalisering. Tala er utarbeida av Samfunnsøkonomisk analyse for NHO, KS, Nelfo og Abelia. 

Rapporten sitt hovudbodskap er:
1. Breiband utan flaskehalsar mogleggjer store nytteverknadar, men moglegheiten er ikkje til stades i heile landet
2. Vekst i samfunnsnytten føreset kapasitetsøkande investeringar 
3. Auka tempo i breibandutbygging til alle, vil auka samla samfunnsnytte
4. For å forsere infrastrukturutbygginga er det behov for auka offentleg medfinansiering 

I rapporten kjem det også fram at dersom ein framskundar utbygginga ytterlegare og dermed oppnår gigabit-samfunnet i 2025, så vil ein kunne få ein meirvekst i verdiskapinga på ytterlegare 75 milliardar. Det vil krevja eit offentleg støttenivå på 4,7 milliardar kroner. 

Alle skal med i gigabitsamfunnet?
«Tilgang til høykapasitets internett er like viktig som tilgang til strøm. Vi skal legge til rette for at alle kan delta i den digitale utviklingen – uavhengig av hvor de bor»

Det sa kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i ei pressemelding frå regjeringa i samband med at Støre-regjeringa la 100 ekstra millionar på bordet til breibandstøtta. Der understreka han også at målet til regjeringa er at alle skal ha tilbod om høghastigheitsnett innan 2025. Funna i rapporten til NHO, KS, Nelfo og Abelia syner at vegen fram dit er lang. 

I denne saka frå NRK Rogaland kan ein lese at det i Ulvik kommune i Vestland (Dårlegast i landet) berre er 13 prosent dekning. I Vindafjord kommune, som det er fokusert på i denne saka, er dekningsgraden 51 prosent. Forskjellane mellom ulike kommunar og regionar kva gjeld infrastruktur som dette er via stor plass i rapporten, og var også via ein del plass under sjølve lanseringa. Der snakka ein om det som vert omtala som digital geografisk marginalisering. Eit fenomen som er særskilt interessant ut frå eit distriktspolitisk perspektiv. 

Kort oppsummert vil det seia at sidan digital infrastruktur utan flaskehalsar er eit gode, vil mangelen på dette opplevast som eit tap. Det vil også bety at det kan føre til fråflytting frå kommunar med dårleg digital infrastruktur, medan det kan føre til tilflytting i områder med god digital infrastruktur. På den måten går dette rett inn i debatten knytt til attraktivitet, som er ein viktig del av debatten kring distrikta og regionane. 

Tilgang til internett er til dømes heilt avgjerande for dei som ynskjer å ta med seg jobbar frå byane ut i distrikta. Dei jobbar ofte opp mot miljø andre stader, og er dermed heilt avhengige av godt og stabilt nett. Den digitale transformasjonen opnar i tillegg opp heilt nye moglegheiter for Noreg, og for norsk næringsliv. Det kjem med anna fram som ein viktig del av den nyleg lanserte rapporten, «Norge i morgen», frå McKinsey. 

Skal avklarast i distriktsmeldinga
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) deltok også på framlegginga av dei nye tala. Han peika med anna på at sjølv om ein enno er i ei tidleg fase av dette arbeidet vil breiband og digital infrastruktur få ein sentral rolle i distriktsmeldinga som kjem våren 2023. 
Dette vil truleg verta ein heilt avgjerande byggestein dersom regjeringa han er ein del av skal lukkast med sine målsetjingar. Regjeringa har varsla at dei i større grad vil føre ein politikk som legg til rette for at ein skal ta heile landet i bruk, og der ein skapar framtidstru og optimisme i heile landet. 

Tilgang til godt og stabilt internett over heile landet vil verta ein viktig del av dette. Det er difor gode grunnar for den sitjande regjeringa å sjå nøye på tala og framlegga i denne rapporten. Om dei skrur opp farten på breibandutbygginga kan det kanskje også verta fart på andre delar av distriktspolitikken deira? 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This