Endeleg er energikommisjonen her. Kva no?

11 februar, 2022 | Innlegg

Det var på høg tid at regjeringa no fekk oppnemnt den mykje omtala energikommisjonen. I den burde det vore fleire representantar frå Vestlandet. No startar eit viktig arbeid som vil vera avgjerande for i kva grad Noreg vil lukkast med det grøne skiftet.

Det var på høg tid at regjeringa no fekk oppnemnt den mykje omtala energikommisjonen. I den burde det vore fleire representantar frå Vestlandet. No startar eit viktig arbeid som vil vera avgjerande for i kva grad Noreg vil lukkast med det grøne skiftet.

ein pressekonferanse fredag 11. februar presenterte olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) den nye energikommisjonen. Dette er regjeringa sin energikommisjon: 

  • Lars Sørgaard (leder), professor, Bergen 
  • Hans Erik Ringkjøb, ordførar, Voss 
  • Liv Monica Stubholt, partner, Oslo 
  • Are Tomasgard, LO-sekretær, Lillestrøm 
  • Anniken Haugli, visepresident, Oslo 
  • Kjell Roland, samfunnsøkonom, Oslo 
  • Berit Tennbakk, partner, Oslo 
  • Bård Folke Fredriksen, administrerande direktør, Oslo 
  • Silje Ask Lundberg, kampanjeleder, Trondheim 
  • Øistein Andresen, konsernsjef, Hamar 
  • Gyro Heia, ordfører, Birkenes 
  • Helene Seim, administrerande direktør, Odda 
  • Gudrun Rollefsen, administrerande direktør, Hammerfest 
  • Sverre Gotaas, direktør, Porsgrunn 
  • Arve Ulriksen, administrerande direktør, Utskarpen 

51875677135 f2e380d2b5 o
Leder av Energikommisjonen, Lars Sørgard. Foto: Konkurransetilsynet.

Kommisjonen sitt mandat knyt seg særskilt til fem hovudpunkt: 

1. Korleis Noreg vert påverka av energimarknadar i raske endring 

2. perspektiv for utviklinga i kraftforbruket 

3. potensialet for samfunnsøkonomisk lønnsam kraftproduksjon 

4. perspektiv for forsyningssikkerheten 

5. sentrale interessemotsetjingar i energipolitikken 
 
Kjelde: Regjeringen.no  

Her kan du lese heile mandatet til den nye energikommisjonen skal jobbe etter. Utvalet skal starte sitt arbeid 25.februar 2022 og levere sin anbefaling innan 15.desember 2022.

Vestlandet er for dårleg representert i energikommisjonen 
Eg har tidlegare teke til ordet for at energikommisjonen må kjenne heile landet og ikkje minst at Vestlandet må vera solid representert i energikommisjonen (ekstern lenke). Det er naudsynt for å sikre at vi framover har nok kraft til å følgje opp alle dei grøne initiativa (ekstern lenke) her i regionen. 
 
Vestlandet er den regionen i Noreg som produserer mest kraft. Samstundes har ein den seinare tida sett store utfordringar knytt til kraft i denne regionen. Det handlar i stor grad om manglande nettkapasitet for å føre fram kraft til ny grøn industriutvikling. 
 
Sjølv om leiaren i kommisjonen er frå Vestlandet, og denne kommisjonen jo skal levere nasjonale løysingar, burde det i ein kommisjon med heile 15 medlemmar vore plass til fleire frå kraftregionen Vestlandet. Til dømes kan ein stille spørsmål kring kvifor ingen av dei store kraftselskapa på Vestlandet er med. Ei heller er det nokon representantar frå Stavanger i den oppnemnte kommisjonen. Det vil nok føre til reaksjonar.  
 
Korleis vert energidebatten når energikommisjonen no går i gang? 
I tida frå regjeringa varsla at dei ville opprette ein energikommisjon og fram til no har straumprisane og energipolitikk prega den politiske debatten i Noreg. Det har også ført til at opposisjonen på begge sider av regjeringa har blitt ganske utolmodige og understreka kor viktig det er at energikommisjonen kjem i gang med arbeidet sitt. Både Nikolai Astrup (H) og Lars Haltbrekken (SV) har denne veka vore ute å flagga sin utolmodigheit.  
 
At det har runne ein del vatn under brua, eller gjennom peltonturbinane i norske vasskraftverk, sidan kommisjonen vart varsla har også ført til at forventningane til kva energikommisjonen skal levera på har vakse. Mykje. Kan vi risikere at energikommisjonen no må «gape over» for mykje på ein gong, fordi den har fått tilført so mange oppgåver? 
 
Utfordringa i det vidare arbeidet vert difor å balansere krava om å arbeide fort opp mot dei store forventningane som er skapt til kva denne kommisjonen skal levera på. Det er i tillegg all grunn til å tru at den politiske debatten kring straumprisane og energipolitikken vil halde fram for fullt parallelt med arbeidet til energikommisjonen.  

Eit område å følgje med på framover vert difor i kva grad ei mindretalsregjering, som på mange områder nok vil ynskje å «vente på rapporten til energikommisjonen», vil få gehør for dette hjå opposisjonen. Eller om opposisjonen vil fatte ei rekkje vedtak på desse områda parallelt med at energikommisjonen som regjeringa no har oppnemnt arbeidar.   

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This