Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

14 mars, 2023 | Blogginnlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva opprøret skal handle om. Det er freistande å spørje om det kan verta meir vestlandsk enn som så, men dette er for viktig til å berre tulle det vekk. For det murrar på Vestlandet. 

Stadig fleire eg snakkar med er misnøgde. 

Nokre er misnøgde med grunnrenteskatt på havbruk, eller andre skatteendringar som har råka næringslivet på Vestlandet hardt.

Andre har hissa seg opp over «Oslo-sentriske» utval

Nokre er framleis forbanna etter framlegget til statsbudsjett, som rett nok vart noko betre etter regjeringa si forhandling med SV i Stortinget.

Andre meiner at «nye innleigereglar struper Vestlandet».

I Bergen er det no stor misnøye knytt til at regjeringa vel å flytte statlege arbeidsplassar ved Fiskeridirektoratet til Nord-Noreg. Andre er framleis arge for at regjeringa flytta eksportrådet frå Ålesund til Oslo.

For å nemne nokre av sakene. 

Tidlegare i år har vi i Initiativ Vest gjennom eit notat dokumentert at Vestlandetsom landsdel er underrepresentert i regjeringa. Det har sjølvsagt noko å seie for i kva grad ein greier å fange opp kva som rører seg i regionen og for kven som vinn dragkampar internt i regjeringa. Kanskje er det vi no ser eit resultat av dette? 

Lista er etter kvart ganske lang over saker som fører til murring på Vestlandet. Men det handlar gjerne om ganske forskjellige ting, som i sum fører til bråk. Det er blitt eit problem for regjeringa, men kanskje vil det også verta utfordringa for opprørarane?

I tida framover vil det verta stadig fleire dragkampar. Til dømes las eg denne veka høyringsfråsegnene frå dei tre vestlandsfylka til rapporten frå ekspertutvalet som har sett på nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Her er det duka for ein ny dragkamp som kan få dramatiske konsekvensar for Vestlandet.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil kunne få ein reduksjon i rammetilskotet på 187, 9 millionar samanlikna med dagens system, som er mest pr. innbyggjar. Dei tre fylka på Vestlandet tapar om lag ein halv milliard samla.

Vestland fylkeskommune har fylkesutvalet avgitt ei høyringsfråsegn og bodskapen derifrå er ikkje til å misforstå «Fylkesutvalet meiner forslaget til nytt inntektssystem gir ei systematisk omfordeling frå fylkeskommunane langs kysten til fylkeskommunane på austlandet».

Liknande bodskap finn ein i høyringsfråsegnene til Møre og Romsdal fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune som begge tydeleg slår fast at dei føreslegne endringane fører til omfordeling av midlar som vil føre til dramatiske kutt i tilbodet i dei aktuelle fylka.

Kanskje gjer regjeringa lurt i å parkere dette raskt, slik at ikkje køen av opprørarar veks seg stadig større? 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Er det dette «å ta heile landet i bruk» betyr?

Er det dette «å ta heile landet i bruk» betyr?

Dette var nyhendebrevet fredag 24. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Eg er av dei som har lurt på kva "målet om å ta hele landet i bruk skal være gjennomgående i regjeringens prioriteringer og avgjørelser." skulle bety i praksis. No kan vi...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This