No er det på tide å ta heile landet i bruk

20 mars, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at Støre-regjeringa gjekk på hausten 2021. Fyrst ut er Senterpartiet.  «På Sp-landsmøtet i 2021 ble Trygve Slagsvold Vedum […]

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte.

Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at Støre-regjeringa gjekk på hausten 2021. Fyrst ut er Senterpartiet. 

«På Sp-landsmøtet i 2021 ble Trygve Slagsvold Vedum løftet opp som en løve. Nå handler det om å pusse skinnfellen, roe rekkene og finne igjen entusiasmen for Sps primærpolitikk»skreiv politisk redaktør i Nationen Anne Ekornholmen i ein kommentar denne veka

Ho listar også opp ei lang rekke saker som kan bli trøbbel for Sp-leiinga på landsmøtet i helga, og slår fast at «det er nok å ta tak i». 

Dette landsmøtet, og Arbeidarpartiet sitt landsmøte seinare denne våren, er to anledningar for regjeringa til å kome på offensiven. Men greier dei det? Eller vert dette to rundar med «brannslokking» og «balansering av ulike interesser»? Og vil landsmøta i dei to partia skape trøbbel for regjeringssamarbeidet?

Eg har tidlegare skrive at eg trur lokalvalet kan verta ei stor prøving for ei regjering som sit med 279 av dei 356 ordførarane i landet. Mange av desse ordførarane set no kursen mot Trondheim og vil innta talarstolen med klåre forventningar om grep som kan snu trenden, og som kan sikre at dei framleis har ei ordførarklubbe å gå til også etter valet. 

Samstundes veit vi at det er krefter internt i Arbeidarpartiet som meiner at Senterpartiet i for stor grad får køyre eit sololøp. Ein av dei er Fredrik Mellem, styremedlem i Oslo Arbeiderparti, som nyleg hadde ein kronikk på trykk i VG. Han meiner dei to partia i regjeringa «befinner seg i en ulykksalig tosomhet» og at «I den nåværende koalisjonen ser det ut til at partiene har fordelt flere blanke seire. Det ser – mildest talt – ikke ut til å fungere like godt.». 

Sidan denne regjeringa gjekk på har dei bygd opp enorme forventningar til to prosessar. Den eine var Energikommisjonen som no har lagt fram sin rapport utan at det har endra situasjonen noko særskilt. Den andre prosessen er arbeidet med ei ny distriktsmelding, som det har blitt forbausande stille om? 

Kvar vert den av, og vil den snu ting for regjeringa? 

Det vil nok heilt sikkert kome politikk i denne som vil begeistre ein del av dei som no er forbanna, men om det vil vera nok til å snu momentum for regjeringa er eit heilt anna spørsmål. Og eit enno større spørsmål er om den vil kome i tide til å ha noko innverknad i det heile på den komande valkampen. 

Det hastar for regjeringa med å byrja å ta heile landet i bruk. No har dei sjansen og Senterpartiet er fyrst ut. Kva grep og strategi partiet vel vil vi vite ein god del meir om etter denne helga. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This