Dette var nyhendebrevet fredag 20. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.
Arbeidsløysa er rekordlåg. Samstundes har både offentleg sektor og det private næringslivet eit skrikande behov for meir kompetanse.
Kampen om både hovuda og henda vil bli enorm i åra som kjem, og det er avgjerande at styresmakter, utdanningsinstitusjonar og næringsliv har tett dialog om desse spørsmåla framover.
Kompetansebehovet i offentleg sektor er godt kjent, og vi veit med anna at stadig fleire eldre vil by på utfordringar både kva gjeld økonomiske og menneskelege ressursar. Arbeidet med å få kommunebudsjett og kabalen med vaktlister til å gå opp vil setje mang ein kommunebyråkrat og lokalpolitikar på prøve i åra som kjem.
Det store kompetansebehovet i næringslivet er illustrert blant anna gjennom NHO sitt kompetansebarometer der 2 av 3 verksemder rapporterer om eit udekt kompetansebehov. Vidare veit vi, noko som også kjem fram av ei rekkje rapportar utarbeidd av NHO og andre, at initiativ og satsingar som er på gong peiker i retning av at kompetansebehovet vil auke stort framover.
Førre veke drøfta vi kompetanseutfordringar når vi samla det andre kullet i Vestlandsakademiet til den fjerde av seks samlingar. Gjennomgangsmelodien blant dei unge deltakarane var at barrierane no må byggjast ned, og at dette vil vera viktige grep for å møte utfordringane framover:
Blant anna var dei innom at:
– det må verta lettare å ta ny utdanning, anten ein er i eller står utanfor arbeidslivet.
– barrierane mellom offentleg sektor, næringsliv og utdanningsinstitusjonane må byggjast ned.
– barrierane internt ved utdanningsinstitusjoanane med fordel kan byggjast ned, slik at det ikkje vert unødvendige vanskeleg å tileigne seg ulike typar kompetanse på tvers av avdelingar og fakultet.
Ein av stadene på Vestlandet der det dei neste åra skal det skje ei lang rekkje ting innanfor det grøne skiftet er på Haugalandet. Det er planar om ein ny batterifabrikk, CO2-fangst og utbygging av havvind for å nemne noko. I sum representerer dette ei rekkje arbeidsplassar og eit stort behov for kompetanse.
Kompetanse er difor på menyen når vi 24. februar saman med Høgskulen på Vestlandet inviterer til frukostmøte i Haugesund. Der samlar vi politikk, akademia og næringsliv i byen til å samtale om kompetanseutfordringar, og for å utfordre dei på om dei er gode nok på å samarbeide for å nå felles mål.
Er du i Haugesund 24. februar så vonar vi å sjå deg.