Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringar

16 januar, 2023 | Nyhende

No må barrierane brytast ned. Det vart konklusjonen når Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringane ein står ovanfor.  Torsdag 12. januar var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til den fjerde av seks samlingar. Denne gongen var kompetanse tema, ein tematikk som er høgt på agendaen hjå mange i desse tider.  På samlinga deltok prorektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) […]

No må barrierane brytast ned. Det vart konklusjonen når Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringane ein står ovanfor. 

Torsdag 12. januar var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til den fjerde av seks samlingar. Denne gongen var kompetanse tema, ein tematikk som er høgt på agendaen hjå mange i desse tider. 

På samlinga deltok prorektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) Geir Kåre Resaland med eit innlegg. I sitt innlegg snakka Han løfta fram ei rekkje betraktningar om tematikken, og trakk fram både utfordringar og moglegheiter framover. I sitt innlegg løfta han i tillegg fram samarbeid som heilt avgjerande.

I tillegg til Resaland deltok også Ann-Kristin Kristoffersen som er rådgjevar i NHO Vestlandet. Ho var invitert inn i samlinga for å løfte fram kva behov verksemdene på Vestlandet har, og vil ha i åra framover. Kristoffersen sitt innlegg tok utgangspunkt i NHO sitt årlege kompetansebarometer som no seier at to av tre verksemder har eit udekt kompetansebehov. 

No må barrierane brytast ned

I etterkant av dei to innlegga drøfta deltakarane ei rekkje ulike spørsmål og problemstillingar relatert til denne tematikken. Kompetanse, og utfordringane knytt til tilgong på kompetanse, er ein tematikk som har gått igjen i drøftingane i årets kull av akademiet, og drøftingane på denne samlinga syner at dette er ein tematikk som opptek unge vestlendingar i stor grad. Ein gjennomgangsmelodi i innlegga til deltakarane i akademiet under samlinga var at «barrierane må brytast ned»: 

– det må verta lettare å ta ny utdanning, anten ein er i eller står utanfor arbeidslivet.

– barrierane mellom offentleg sektor, næringsliv og utdanningsinstitusjonane må brytast.

– barrierane internt ved utdanningsinstitusjoanane med fordel kan byggjast ned, slik at det ikkje vert unødvendige vanskeleg å tileigne seg ulike typar kompetanse på tvers av avdelingar og fakultet. 

Vestlandsakademiet har mottatt prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. I tillegg mottek Initiativ Vest stønad frå Agenda Vestlandet. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This