Her er fem ting frå Generalistkommuneutvalet du bør vite

14 april, 2023 | Nyhende

Veka før påske la Generalistkommuneutvalet fram sin rapport. Arbeidet var bestilt av Solberg-regjeringa før gjekk av, og vert motteke av Støre-regjeringa med kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i spissen.  Arbeidet har vore leia av Statsforvaltar Tom Cato Karlsen i Nordland, som også har bakgrunn som statssekretær i Erna Solberg si regjeringstid. Utvalet har presentert ulike tiltak, […]

Veka før påske la Generalistkommuneutvalet fram sin rapport. Arbeidet var bestilt av Solberg-regjeringa før gjekk av, og vert motteke av Støre-regjeringa med kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i spissen. 

Arbeidet har vore leia av Statsforvaltar Tom Cato Karlsen i Nordland, som også har bakgrunn som statssekretær i Erna Solberg si regjeringstid. Utvalet har presentert ulike tiltak, og eitt av desse vart skote ned av kommunalministeren allereie under overleveringa. 

I utvalet vert det presentert eit kunnskapsgrunnlag som gjev innblikk i ei rekkje utfordringar kommunane står ovanfor framover. Vi har sett på nokre av desse. 

1. Utvalet sitt mandat / formål var tredelt

– få eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om det norske generalistkommunesystemet si verkemåte, og utviklinga av dette den seinare tida.
– få ein vurdering av føresetnadar og råmer kommunane har for å kunne vera ein generalistkommune i dagens og framtidas velferdssamfunn, og vurdere grunnlaget for å ha eit generalistkommunesystem.
– få ein vurdering av eventuelle alternativ til generalistkommunesystemet.
  

2. Vurdering av lovoppfylling

I si vurdering av korleis generalistkommunesystemet fungere har utvalet valt å sjå på i kva grad kommunane oppfyller lovkrava på ulike områder. Kartlegginga syner ei samla gjennomsnittleg lovoppfylling på litt over 80 prosent. 

Det er verdt å merke seg at det i analysen går fram at det er ein klar samanheng mellom ein kommune sitt innbyggjartal og sentralitet og samla lovoppfylling. 

Store og sentralt plassert kommunar oppfyller i større grad lovkrava enn kva mindre kommunar som ligg mindre sentralt lasset gjer. 

3. Tre overordna anbefalingar frå utvalet

For det fyrste anbefala utvalet at generalistkommuneprinsippet vert vidareført.

Vidare, og som ei følgje av den fyrste anbefalinga, anbefaler difor ikkje utvalet oppgåvedifferensiering som eit tiltak for å løyse dei utfordringane dagens kommunar står overfor. 

Utvalet anbefala heller ikkje å flytte oppgåveansvar vekk frå alle kommunar over til fylkeskommunar eller staten.

I tillegg til dette presenterer utvalet i sin rapport 12 tiltak dei meiner det er behov for dersom ein skal løyse utfordringane i dagens generalistkommunesystem (s. 15-17). 

4. Eit fleirtal i utvalet vil ha færre og større kommunar

Ein av dei 12 konkrete tiltaka som av eit fleirtal i utvalet vert løfta fram er behovet for færre og større kommunar for å oppretthalda generalistkommuneprinsippet og styrke generalistkommunane. 

Fleirtalet i utvalet etterlyser både ein meir aktiv politikk for å få til denne utviklinga og verkemiddel og initiativ som oppmuntrar og stimulerer til dette.

5. Lokalpolitikarar som skal ta attval er opptekne av handlingsrommet

Undersøkingar syner at kommunalt handlingsrom er det som betyr mest for ein lokalpolitikar når ein skal vurdere om ein skal ta attval. Stram kommuneøkonomi og statleg detaljstyring vert trekt fram som dei mest avgrensande faktorane for det lokalpolitiske handlingsrommet. Motivasjonen til å sitja i kommunestyret aukar jo større kommune er. 

Det er også verdt å merka seg at nesten halvparten av dei folkevalde meiner det er administrasjonen og ikkje politikarane som utformar politikken. 

Kjelde: NOU 2023: 9 – Generalistkommunesystemet Likt ansvar – ulike forutsetninger

Foto: Framside rapport / Skjermdump frå Regjeringen.no

Heile eller delar av rapporten kan ein lese her.

Andre innlegg

Share This