Kva skjer med kommunane framover?

17 april, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 14. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Veka før påske kom Generalistkommuneutvalet sin rapport. Rapporten har fått tittelen «Likt ansvar – ulike forutsetninger» og verkar å vera på god veg ned i ei skuff i departementet. Eller?  Det var nesten som ein kunne mistenka at det ikkje […]

Dette var nyhendebrevet fredag 14. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Veka før påske kom Generalistkommuneutvalet sin rapport. Rapporten har fått tittelen «Likt ansvar – ulike forutsetninger» og verkar å vera på god veg ned i ei skuff i departementet. Eller? 

Det var nesten som ein kunne mistenka at det ikkje var heilt tilfeldig at rapporten, som meiner at generalistkommuneprinsippet bør bestå og at vi treng større kommunar for å greie dette, kom rett før Ola og Kari Nordmann skulle pakke kvikklunsjen og setja kursen mot påskefjellet for å tenke på heile andre ting. For stille har det i alle fall blitt.

Onsdag denne veka vart saka likevel løfta i den munnlege spørjetimen i Stortinget, der Høgre sin kommunalpolitiske talsperson Mudassar Kapur ville ha faktasvar frå kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Om han fekk svar kan diskuterast, men det vart i alle fall litt temperatur. 

Heile fem gonger forsøkte Kapur å få svar på sitt spørsmål knytt til faktagrunnlaget som kjem fram i rapporten. Det sentrale i Kapur sitt spørsmål og i den påfølgjande ordvekslinga på Stortinget var funna i rapporten knytt til at «Små og usentrale kommuner har jevnt over større utfordringer på flere områder enn større og mer sentrale kommuner.»

Svara frå Gjelsvik, med henvisning til andre delar av rapporten frå utvalet, var at både små og store kommunar har utfordringar. 

Ok, de har begge poeng. Men kva no?

At Høgre og Senterpartiet har ulik inngang til korleis kommune-Noreg bør og skal sjå ut framover er ikkje noko nytt, men seansen i Stortinget onsdag denne veka er etter mitt syn likevel verdt å reflektere over. 

For ein retorisk skyttargravskamp mellom innøvde talepunkt om å redusere talet på kommunar på den eine sida og å låse eit system slik det ser ut i dag på den andre sida er nok ikkje medisinen for å møte dei utfordringane som vert adressert i rapporten. Uansett kva ein måtte meine om kommunesamanslåingar er det heilt klart behov for ein grundig diskusjon om kommunane framover.

Norske kommunar står nemleg ovanfor formidable oppgåver i åra som kjem, både kva gjeld kommuneøkonomi, rekruttering og andre lovpålagte oppgåver. Korleis desse vert løyst vil ha konsekvensar for liva til alle nordmenn. 

Dei formidable oppgåvene må takast på alvor, og sjølv om det kan vera morosamt med litt retoriske dragkampar i Stortinget bør alvoret i dette føre til at ein heller legg vekk dei innøvde talepunkta enn sjølve rapporten.

Sjølv om ein er usamde om kva verktøy som skal til for å lukkast bør alle som er opptekne av å utvikle norske kommunar og lokalsamfunn finne interesse i det som ligg i dette arbeidet. 

Verdt å merke seg: Fredag etter at nyhendebrevet var sendt ut publiserte vi også ein gjennomgang av nokre sentrale ting i Generalistkommuneutvalet sitt arbeid. Sjekk det ut her.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This