Utvidet søknadsfrist: No kan du bli med i det tredje kullet av Vestlandsakademiet

11 april, 2023 | Nyhende

Er du oppteken av utviklinga på Vestlandet? Og mellom 20 og 35 år? Då bør du sjekke ut dette!

For å sikre best mogleg geografisk balanse i Vestlandsakademiet har vi utvida fristen for å søke plass i det tredje kullet!

Gjennom Vestlandsakademiet er målet at 25 unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet. Energi, infrastruktur, kompetanse og samfunnsutvikling er sentrale tematikkar. Deltakarane i akademiet vil få tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.

Les meir om Vestlandsakademiet her.

– Å delta i Vestlandsakademiet er noko eg anbefaler til alle! Å lære, diskutere og verte utfordra av andre engasjerte har vore utruleg givande. Vi treng å treffast på tvers av sektorar og geografi, der er Vestlandsakademiet i ein særklasse. Gjermund K. Langset, deltakar i kull 1.

På samlingene vil deltakarane møte innleiarar frå næringsliv, forvaltning og øvrig samfunnsliv. I etterkant av innleiinga vil deltakarane drøfte sentrale problemstillingar som er relatert til tematikkane i dei ulike samlingene.

Det vert lagt opp til 2 heildagssamlingar som er fysiske, medan dei fire andre samlingane er på kveldstid og digitale.

Ei viktig målsetjing med opplegget er at deltakarane skal verta inspirerte til å ta desse drøftingane med seg attende til sin kvardag, og at dei skal verta viktige vestlandsrøyster i åra som kjem.

– Det fins utruleg mange flinke unge mennesker på Vestlandet, men me er for dårlig til å bruka kvarandre sin kompetanse og samarbeida. Vestlandsakademiet er eit godt tiltak for å løysa det problemet. Eg har utvida nettverket mitt mykje og lært ein heil del både om meg sjølv og kva slags kompetanse og bedrifter som finnes i regionen vår. Ida Lutro, deltakar i kull 2.

Har du lyst å vera med?

Send ein kort søknad merka «Søknad til kull 3 av Vestlandsakademiet» til post@initiativvest.no innan 04. juni.

Søknaden bør innehalde litt om deg, din bakgrunn, alder, kvar du kjem frå og din motivasjon for å delta.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar Tommy Aarethun på tommy@initiativvest.no

Initiativ Vest har fått prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. I tillegg mottek vi stønad frå Agenda Vestlandet.

Foto: Truls Lerø

Andre innlegg

Sommerfest og samtale med Erna Solberg og Hadia Tajik

Sommerfest og samtale med Erna Solberg og Hadia Tajik

Vi inviterer deg til å starte sommeren sammen med oss i Initiativ Vest.  Den siste dagen i mai samles vi på takterrassen til JADA midt i Bergen sentrum. Her møtes engasjerte Vestlendinger fra politikk, akademia og næringsliv for å ta et glass, bli bedre kjent og...

Her er fem ting frå Generalistkommuneutvalet du bør vite

Her er fem ting frå Generalistkommuneutvalet du bør vite

Veka før påske la Generalistkommuneutvalet fram sin rapport. Arbeidet var bestilt av Solberg-regjeringa før gjekk av, og vert motteke av Støre-regjeringa med kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i spissen. Arbeidet har vore leia av Statsforvaltar Tom Cato Karlsen i...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This