Klarar vi å utløyse potensialet?

1 mars, 2022 | Innlegg

Vestlandet har eit enormt potensiale i møtet med det grøne skiftet. Det må likevel gjerast ein del grep om vi skal lukkast – og det byrjar å haste.

Vestlandet har eit enormt potensiale i møtet med det grøne skiftet. Det må likevel gjerast ein del grep om vi skal lukkast – og det byrjar å haste.

Nok ein gong vert Vestlandet si nøkkelrolle i åra som kjem stadfesta i rapportar. Om ein er oppteken av samfunnsutviklinga i regionen her Maritim21-strategien, «Norge i morgen»-rapporten til McKinsey, og Ocean`s Future to 2050 frå DNV GL interessant lesning. Vi i tankesmia i Initiativ Vest har sett på kva desse tre rapportane betyr med vestlandske briller.

Ser ein på dei tre rapportane samla so er energi, digitalisering og berekraft heilt sentralt som eit bakteppe. Frå eit vestlandsk perspektiv er det verdt å merka seg at havvind, sjømat, reiseliv og grøn skipsfart har ein sentral plassering i alle dei tre rapportane, og vert løfta fram som viktige næringar i åra som kjem. Det interessante frå eit vestlandsk perspektiv er sjølvsagt at desse næringane er ein heilt sentral del av den vestlandske næringsstrukturen. Desse tre rapportane er dermed igjen med på å befeste Vestlandet sin nøkkelposisjon om Noreg skal lukkast framover.  

Samstundes som potensialet vert godt dokumentert i desse rapportane, vert det også peika på at det er naudsynt å gjera grep om ein skal klare å utløyse potensialet. I den anledning er det særskilt verdt å peike på nokre element, som også regjeringa bør ta med seg til bordet når dei snart samlast til budsjettarbeid.

Det er no beinhard internasjonal konkurranse innanfor dei næringane som det her vert peika på. Det ser vil til dømes innanfor havvind, der ein stadig vert presentert for nyhende om nye utbyggingar og satsingar i utlandet. Om Noreg skal nå opp i desse kappløpa vil det krevje politiske vilje, og det vil krevje vilje til å gjere dei investeringane og grepa som skal til for å lukkast. Vi treng den rette kunnskapen og kompetansen, og denne må vera kopla tett på dei næringane og regionane som utviklinga skjer i.

Det er vidare naudsynt med investeringar i infrastrukturprosjekt. Det handlar om vegprosjekt som ferjefri E39 som sikrar mobilitet i regionen, gjennom å byggje saman bu- og arbeidsmarknadsregionar langs heile kysten. Det handlar om behovet for å få på plass den digitale infrastrukturen, som gjer det mogleg å drive næringsverksemd som krev tilgang til godt og stabilt nett. Ein nyleg rapport frå NHO mfl. syner med anna at dersom ein framskundar utbygginga av breiband i Noreg ytterlegare og dermed oppnår gigabit-samfunnet i 2025, så vil ein kunne få ein meirvekst i verdiskapinga på ytterlegare 75 milliardar. Det vil krevja eit offentleg støttenivå på 4,7 milliardar kroner.


Det handlar ikkje minst om å få på plass naudsynt nettkapasitet til grøne industriprosjekt. Førre veke kunne ein lese i Haugesunds Avis at ein alt har «mistet mange hundre arbeidsplasser», grunna manglande straumgarantiar. Dette er investeringar som vil koste ein god del, men som samstundes her heilt naudsynt for å klare å utløyse potensialet som vert dokumentert i stadig nye rapportar.

Det siste feltet her berører også eit av dei andre områda som vert trekt fram, nettopp at treige avgjerslestrukturar i Noreg hemmar ein i konkurranse med andre land der ein har høgre tempo. Fleire har teke til ordet for at ein må sjå på om det kan gjerast grep kring korleis ein riggar ein del prosessar, for at desse skal vera meir tilpassa tempoet i det grøne skiftet. Det trur eg er klokt.

Om Støre-regjeringa leitar etter gode prosjekt når dei no skal byrja å snikre sitt fyrste heile statsbudsjett kan det vera vert å investere på Vestlandet. Dersom ein investerer i regionen her no, så vil det tene heile landet i åra som kjem.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This