Vestlandsintervjuet: Jon Askeland

25 februar, 2022 | Nyhende

– Eg skulle gjerne sett at denne debatten no dreia seg meir om fylka sine moglegheiter og rolle enn strukturane! Jon Askeland, Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune Den politiske debatten om det regionale nivået i Noreg handlar no i stor grad om fylkesgrenser. Vi har snakka med fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland fylke om fylka […]

– Eg skulle gjerne sett at denne debatten no dreia seg meir om fylka sine moglegheiter og rolle enn strukturane!

Jon Askeland, Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune

Den politiske debatten om det regionale nivået i Noreg handlar no i stor grad om fylkesgrenser. Vi har snakka med fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland fylke om fylka si rolle som samfunnsutviklar framover, om arbeidet med felles næringsstrategi for vestlandsfylka og om infrastruktur. Før han vart fylkesordførar var Jon Askeland ordførar i Radøy kommune (no del av Alver kommune) frå 2007-2019. 

– Den viktigaste føresetnaden for regionreforma er setninga om at «fylkeskommunane skal ta ei større rolle som regional samfunnsutviklar». Eg opplever også at denne setninga er mi og Vestland fylkeskommune sitt hovudoppdrag.

jon askeland fylkesordfrar vestland fylkeskommune kvadratisk 48912679673 o

Jon Askeland er sjølv tydeleg oppteken av rolla fylka kan spele som ein samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og han syner i vår prat med anna til at han har hatt ei rekkje samtalar med kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) om med anna denne tematikken. 

– Eg trur vi berre har sett byrjinga på kva potensial som ligg i denne utviklarrolla, og det er mitt klare inntrykk at statsråden også er svært oppteken av fylka som utviklingsaktør.

Vidare peikar Askeland på utviklinga ein no ser der fleire kommunar, med anna i dagens Viken, vurderer «å bytte fylke» dersom ein delar opp storfylket. Han meiner det er eit område det er grunn til å reflektere rundt, og han er også tydeleg på at dei som no er opptekne av å reversere strukturane samstundes må ha fleire tankar i hovudet. 

– Eg vonar dei som no har fokus på struktur også tenker gjennom korleis ein har tenkt å løyse rolla som samfunnsutviklar når ein kjem ut av dei prosessane som no går. 

Kven skal betale for reverseringa?

Eit element som har kome opp som ein del av debatten i det siste knyt seg til finansieringa av reverseringane, og koplinga opp mot økonomien til fylka framover. Fleire sentrale fylkespolitikarar, blant anna i Trøndelag og Vestland, har den siste tida gått ut i media og vore bekymra for at prislappen på reverseringa vil kunne føre til kutt i deira budsjett. Blant anna i denne BT-saka

– Ja, eg er redd for at dette vil gå utover oss. Til sjuande og siste har vi berre eit statsbudsjett. 

Han peikar vidare på at han trur at det vil kunne verta ein kamp om midlane framover når rekninga for sjølve reverseringa kjem, og han er i tillegg uroa for utviklinga i åra som kjem.

– Vi veit at ein del av dei nye oppdelte fylka vil ha behov for kontantbidrag og i tillegg ei auke i den årleg støtte for å kunne kome seg på beina att. Det er eg redd vil kunne gå utover tenestane vi kan levere til våre innbyggjarar

Strukturdebatten vil presse fram ein debatt om innhald

Askeland seier han er ganske sikker på at den strukturdebatten vi no ser vil presse fram ein debatt om innhaldet i fylkja og regionane, og peikar på kva som står i regjeringserklæringa. 

– Hurdalsplattforma er tydeleg på at det skal koma ei melding om nye oppgåver til fylka og fylka si rolle. Det er ei sak eg har store forventningar til og vi fylkesordførarane vil følgje dette tett opp, og har forventningar til at regjeringa vil levere på desse lovnadane. 

Relevant om fylkeskommunane si rolle i Hurdalsplattforma:

Skjermbilde 2022 02 22 kl. 12.14.36

  • – Det lokale demokratiet må utviklast gjennom desentralisering av oppgåver til kommunar og fylkeskommunar.
  • – Eit velfungerande folkestyre på regionalt nivå er viktig, og regjeringa ynskjer å styrke fylkeskommunen som samfunnsutviklar.
  • – Gjennomgå og styrke verkemiddelapparatet og fylkeskommunane si rolle i distrikts- og regionalpolitikken. 

Les heile Hurdalsplattforma her.  

Næringsstrukturen på Vestlandet heilt sentral i det grøne skiftet

Vestlandsrådet vedtok hausten 2021 ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka. Dette er eit arbeid som byggjer på eksisterande strategiar i dei tre fylka, og målet er med anna å betre samordninga, styrka omstillingsevna og å gje Vestlandet ei sterkare felles stemme i viktige saker. Initiativ Vest har vore ein del av arbeidet med å utforme strategien.

– Den felles næringsstrategien er på mange måtar summen av strategiar i dei tre fylka. Desse tre fylka har ein næringsstrategi som er veldig sentral i det grøne skiftet. 

For å illustrere dette peikar Askeland med anna på eksportnæringane, dei maritime miljøa, smelteverka og på dei andre næringane som er godt dokumentert med anna i Vestlandsporteføljen og Grøn Region Vestland. Han seier at ein på Vestlandet har mange felles moglegheiter og barrierar, som ein må stå saman om å møte framover.

– Vi har med anna på trappene eit felles benkemøte med alle stortingsrepresentantane frå Vestlandet. I tillegg planlegg vi eit felles møte med næringsminster Jan Christian Vestre. 

Askeland peikar på nettkapasitet, infrastruktur, statleg risikokaptial og verkemiddelapparatet som nokre av dei områda der ein er avhengig av god drahjelp frå staten for å utløyse det store potensialet langs heile vestlandskysten. 

Infrastruktur for å byggja den velfungerande regionen

Ei sak er alltid høgaktuell i vestlandspolitikken, nemleg infrastruktur. Det er også ein tematikk som er tett linka til debatten om innhaldet i regionane. 

– Det har alt å seia. Det store paradokset er at mesteparten av vareeksport og verdiskaping skjer i desse tre vestlandsfylka. Samstundes som vi har ein kombinasjon av høge fjell, øyar  og djupe fjordar og den dårlegaste veginfrastrukturen i landet – særskilt kva gjeld fylkesvegar.

Askeland peikar vidare på resultata i denne prosessen kring Nasjonalt Transportplan (NTP) for 2022-2033 og han meiner at måten ein har valt å arbeide på har gitt resultat.

– Me vann i NTP denne gongen, og har fått kjempa inn betydelege sigrar. Dei aller fleste er samde om at grunnen til at vi no vann fram i NTP er at vi denne gongen har stått saman. Det må vi lære av også til framtidige prosessar. 

Det regionale nivået kan spele ei meir aktiv rolle

– Ein fordel med dei nye fylkeskommunane er at vi no er vorte vegforvaltar i tillegg. Det betyr at Vestland fylke no er ein av landet sine største vegorganisasjonar. Me har difor fått ein god dialog mellom vore fagmiljø og Statens Vegvesen sine fagfolk.

Askeland peikar på at medan ein tidlegare var ein passiv aktør som kjøpte denne typen tenestar av Statens Vegvesen har ein no fått på plass dette miljøet «innomhus». Det betyr at ein i større grad kan drøfte felles utfordringar på tvers av dei to organisasjonane, og hjelpe kvarandre til å finne dei gode løysingane. Det meiner han begge partar tener på. 

– Dette er etter mitt syn eit godt døme på korleis det regionale nivået kan spele ei meir aktiv rolle innanfor eit felt, etter at ein har ført over oppgåver til fylka som før låg til eit anna nivå. 

Foto: Vestland fylkeskommune
Skjermdump: Hurdalsplattforma

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This