Løfta fram havregionen og havdebatten i møte med fiskeri- og havministeren

8 februar, 2022 | Nyhende

– Dette var eit godt møte, der vi både fekk presentert Initiativ Vest for ministeren og løfta opp nokre viktige moment knytt til utviklinga av havregionen og den nasjonale havdebatten, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun 

Dagleg leiar Tommy Aarethun har i dag hatt møte med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) om havet og den nasjonale havdebatten. Bakgrunnen for møtet var ein felles kronikk i Sunnmørsposten i desember saman med Gjermund Kvernmo Langset i The North West:

Kvifor snakkar ikkje vestlendingar meir om havet?

I etterkant av dette plukka stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) opp kronikken og svarte på den. Klinge deltok også i møtet med fiskeri- og havministaren. I møtet var koplinga mellom havdebatten og debatten om samfunnsutviklinga i Noreg eit sentralt tema.

Untitled design 24
Møte mellom fiskeri- og havministar Bjørnar Skjæran (Ap), The North West og Initiativ Vest

Hav som større del av den nasjonale politiske debatten

Noreg er ein stor havnasjon og Vestlandet er havregionen. Utviklinga av samfunna langs heile kysten er tett kopla til kva som skjer i havet, og eit viktig innspel var difor at dette i større grad reflekterast i nasjonale politiske debatten. Det handlar om attraktivitet, infrastruktur, næringsliv og kompetanse for å nemne noko. 

– Eit viktig innspel frå oss var at det er behov for å kople havet tettare på den politiske debatten om utviklinga av Noreg. Vi kan ikkje berre snakke om hav i FN og på Arendalsuka, seier Aarethun i etterkant av møtet med Skjæran. 

Havet og den nasjonale havdebatten har også ein sentral plass i programmet under årets utgåve av konferansen The North West. Konferansen finn stad i Ålesund i april og Initiativ Vest skal bidra i delen som handlar om hav. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringar

Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringar

No må barrierane brytast ned. Det vart konklusjonen når Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringane ein står ovanfor. Torsdag 12. januar var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til den fjerde av seks samlingar. Denne gongen var kompetanse...

Nytt notat: Vestlandet dårligst representert i regjering

Nytt notat: Vestlandet dårligst representert i regjering

I et nytt notat har vi kartlagt den geografiske representasjonen i regjeringene fra Syse til Støre. Last ned PDF. Det betyr noe hvor du kommer fra. I norsk politikk er det en lang tradisjon for å være bevisst på geografisk fordeling.  Valgordningen er rigget for...

Søk masterstipend fra Initiativ Vest

Søk masterstipend fra Initiativ Vest

Vil du skrive mastergrad om energi, samferdsel eller maktproblematikk på Vestlandet? Vi lyser ut inntil to masterstipend fra høsten 2023. Alle fagretninger kan være aktuelle, så lenge det dekker ett av disse tre områdene:  Energi Temaer som Vestlandets fremtidige...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This