Meir «parterapi» i staten, takk!

17 oktober, 2022 | Blogginnlegg

Problema knytt til fragmentering og «tette skott mellom siloane» i det norske samfunnet er godt kjent. At ein snakkar meir saman burde hyllast heller enn å latterleggjerast. 

Denne veka kunne ein lese i VG at Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet møtest med jamne mellomrom for «å lære seg å samarbeide bedre». Internt i departementa skal prosessen ha fått det folkelege kallenamnet «parterapi». 

Eg leste denne saka med stor interesse, då tematikken er svært viktig, og rører ved eit område der den norske statsforvaltninga og det norske samfunnet har store utfordringar. Kvifor «snakkar» ein ikkje godt nok saman, og kva kan gjerast for å bøte på dette? Tematikken er godt kjent, og den er belyst i ei lang rekkje samanhengar. Offentlege rapportar og utgreiingar har slege det fast, regjeringar har peika på behovet for å gjera noko med dette, men likevel verkar det å vera vanskeleg å få gjort noko med problematikken. Nyleg kom Riksrevisjonen sin knusande kritikk av det norske forsvaret, der det med anna kom fram at «systema ikkje snakka saman» og at det med anna vart peika på eit behov for å «avklare ansvaret mellom etatane i forsvarssektoren». 

Det uroar meg også at det i Noreg synast å vera tradisjon for å latterleggjera eit kvart forsøk på å gjera noko med dette problemet. Oppslag om «parterapi i staten» er sjølvsagt noko ein i kommentarfelt lett kan harselere med om ein ynskjer. På same måte som at det for nokre år sidan, i beste sendetid på NRK, vart gjort nærmast til ei paradegrein å latterleggjere det prisverdige forsøket med ein samordningsminister i regjeringa Stoltenberg. «Hvor er Schjøtt-Pedersen?» var spørsmålet vi fekk servert kvar fredag i Nytt på nytt. 

At ein ikkje lukkast med å gjera noko med desse problemstillingane er ei stor utfordring, som går ut over både effektiviteten og kvaliteten på avgjerslene. Når vi i tillegg veit at verda og Noreg i tida som kjem vil stå ovanfor stadig større og meir komplekse utfordringar, anten det er klima, migrasjon, beredskap, energi eller demografi, vil behovet for å lukkast med dette berre auke. 

Med dette som bakteppe bør denne tematikken stå høgt på blokka til den til ei kvar tid sitjande regjering i Norge. Det vil vera viktig å få på plass strukturar som sikrar at ein framover i større grad kan snakke saman på tvers av siloane i norsk forvaltning. Ei regjering utgått av partiet som har lange tradisjonar for at «nokon har snakka saman» og bøndene sitt parti bør jo kunne ha gode føresetnadar for dette? 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This