No bles det opp til vindkraftstorm på Vestlandet

30 januar, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 20. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Fleire stader seglar det no opp store debattar knytt til utbygging av meir vindkraft på land. Har vi som samfunn lært nok sidan dei førre rundane? Det vil avgjere korleis dette gå framover.   I Statnett sin kortsiktige kraftmarknadsanalyse for […]

Dette var nyhendebrevet fredag 20. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Fleire stader seglar det no opp store debattar knytt til utbygging av meir vindkraft på land. Har vi som samfunn lært nok sidan dei førre rundane? Det vil avgjere korleis dette gå framover.  

I Statnett sin kortsiktige kraftmarknadsanalyse for 2022-2027 kjem det fram at det kan bli kraftunderskot alt i 2027. Liknande tal kjem fram i ei lang rekkje rapportar og analysar også frå andre aktørar. Eit tilleggselement til mengda kraft ein vil ha behov for i framtida er tida det tek å byggje ut ulike former for kraft. Sjølv om Noreg etter kvart har store ambisjonar knytt til havvind vil dette ta tid, medan utbygging av vindkraft på land kan skje langt raskare. 

– Vi kommer ikke utenom vindkraft på land hvis vi skal levere på klimamålene. Det er det valget vi må ta, sa Statnett-sjef Hilde Tonne i eit intervju med E24 nyleg.

Ein stad det no pågår debatt om utbygging av vindkraft på land er i Bjerkreim kommune i Rogaland, der det er to aktuelle prosjekt som no får merksemd: Moifjellet og Trollåsen. Her opnar no lokalpolitikarane, utanom Tore Malmei (V), for utbygging av meir vindkraft. Striden og skepsisen blant politikarane i Bjerkreim knyt seg no i stor grad til storleiken på vindmøllene, og skepsisen mot møller som er heile 270 meter høge synast å vera stor. Det er 50 meter høgre enn den største vindmølla på norsk jord i dag. 

Lenger nord på Vestlandet er det i ferd med å blåse opp til full storm. Denne veka var det stinn brakke då ordførar Petter Sortland (Ap) inviterte til folkemøte i storstova i Høyanger. Der var med anna Hydro og Eviny inviterte til å fortelje om sine planar om eit vindkraftprosjekt saman med Zephyr, i fjellområdet Snøheia mellom Sunnfjord og Høyanger kommune. I tillegg var organisasjonen Motvind invitert til å presentere sine synspunkt. 

At Hydro er ein av aktørane som står bak prosjektet gjev det heile ein ekstra dimensjon i Høyanger. For sjølv om sjefen for Hydro sin metalldivisjon Eivind Kallevik på folkemøtet kunne avkrefte at Høyanger verk si framtid ikkje er avhengig av vindkraftverket, har ordførar Sortland sjølv uttala at han vil kome i «ein helvettes spagat» dersom Hydro, som er livsnerva i Høyanger-samfunnet, ville freiste med store investeringar i aluminiumsverket. 

Skal Noreg lukkast med elektrifiseringa av samfunnet og utvikling av nye grøne arbeidsplassar må det byggjast meir kraft. Noko av denne krafta hastar det med å byggje, medan noko kraft har ein tid til å vente på. Utbygging av kraft har gjennom historia ført til konfliktar, og vekting av ulike omsyn. Dei siste åra er det særskilt utbygging av vindkraft på lang som har vore svært omstridt, og ei rekkje prosjekt frå førre runde med konsesjonar har møtt stor motstand og ført til store konfliktar. 

Fleire politikarar og sentrale aktørar har teke til ordet for at vi må lære av dei prosessane når vi no går i gong med utbygginga av havvind i Noreg. Men har vi tid til å vente på havvinden? Truleg ikkje, og no kan det altså sjå ut som vi også får ein test på om vi har lært av den førre runden i møte med fleire vindkraftprosjekt på land. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This