Er du oppteken av utviklinga på Vestlandet? Og mellom 20 og 35 år? Då bør du sjekke ut dette!
For å sikre best mogleg geografisk balanse i Vestlandsakademiet har vi utvida fristen for å søke plass i det tredje kullet!
Gjennom Vestlandsakademiet er målet at 25 unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet. Energi, infrastruktur, kompetanse og samfunnsutvikling er sentrale tematikkar. Deltakarane i akademiet vil få tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.
Les meir om Vestlandsakademiet her.
– Å delta i Vestlandsakademiet er noko eg anbefaler til alle! Å lære, diskutere og verte utfordra av andre engasjerte har vore utruleg givande. Vi treng å treffast på tvers av sektorar og geografi, der er Vestlandsakademiet i ein særklasse. Gjermund K. Langset, deltakar i kull 1.
På samlingene vil deltakarane møte innleiarar frå næringsliv, forvaltning og øvrig samfunnsliv. I etterkant av innleiinga vil deltakarane drøfte sentrale problemstillingar som er relatert til tematikkane i dei ulike samlingene.
Det vert lagt opp til 2 heildagssamlingar som er fysiske, medan dei fire andre samlingane er på kveldstid og digitale.
Ei viktig målsetjing med opplegget er at deltakarane skal verta inspirerte til å ta desse drøftingane med seg attende til sin kvardag, og at dei skal verta viktige vestlandsrøyster i åra som kjem.
– Det fins utruleg mange flinke unge mennesker på Vestlandet, men me er for dårlig til å bruka kvarandre sin kompetanse og samarbeida. Vestlandsakademiet er eit godt tiltak for å løysa det problemet. Eg har utvida nettverket mitt mykje og lært ein heil del både om meg sjølv og kva slags kompetanse og bedrifter som finnes i regionen vår. Ida Lutro, deltakar i kull 2.
Har du lyst å vera med?
Send ein kort søknad merka «Søknad til kull 3 av Vestlandsakademiet» til post@initiativvest.no innan 04. juni.
Søknaden bør innehalde litt om deg, din bakgrunn, alder, kvar du kjem frå og din motivasjon for å delta.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med prosjektleiar Tommy Aarethun på tommy@initiativvest.no
Initiativ Vest har fått prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. I tillegg mottek vi stønad frå Agenda Vestlandet.
Foto: Truls Lerø