Nyhendebrev: Norske farvatn vert no opna for mineralverksemd

8 desember, 2023 | Innlegg

Dette innlegget er ein del av vår vekentlege nyhendebrev.

Det er klart at eit fleirtal på Stortinget, beståande av Ap, Høgre, Sp og Frp, vil opne for mineralverksemd på delar av norsk kontinentalsokkel. Området dei no vil opne er på 281.000 kvadratkilometer og ligg i Barentshavet og Grønlandshavet.

Saka er svært omstridd. Både miljørørsla og resten av partia på Stortinget rasar. Samstundes vert det i eit nytt EU-direktiv åtvara mot å utvinne mineral frå havbotn. 

Kvifor skjer dette? 
Verda treng mineral. Mineralbehovet i verda vil auke i tiåra som kjem, i tråd med klima- og energiomstillinga. Det internasjonale energibyrået, IEA, har estimert at behovet for kritiske materialar vil auke enormt dei neste tiåra. Vindmøller, elbilar, solceller og teknologiske nyvinningar treng alle mineral. 

I dag har Kina kontroll over det meste av forsyningskjeda på dette området, blant anna gjennom at dei har kjøpt opp rettar til mineralutvinning i Afrika og andre delar av verda. Noreg og Europa er med det avhengig av å importere desse råvarene. Verda har allereie sett konsekvensar av dette når Kina har valt å stramme inn på eksport av denne typen råvarer, som ein del av handelskrig med Vesten. Det endar med råvaremangel, høge prisar og lang leveringstid. 

Vi såg også kor gale det kan gå når Europa er avhengig av råvarer frå autoritære regime då Putin valte å strupe gassektoren. Det er ikkje ein situasjon dei vestlege landa kan leve med og det kan få store konsekvensar for omstilling. Det vil difor vera klokt om desse landa i større grad tek kontroll over forsyningskjedene sjølve. 

Noreg har rike førekomstar av mineral på havbotn. Det syner med anna ein rapport frå Oljedirektoratet, som ved nyttår skifter namn til Sokkeldirektoratet. I tillegg har Noreg dei fremste fagmiljø i verda på havforvaltning og eit næringsliv langs kysten med verdsleiande kompetanse på offshore verksemd. 

Summen av dette tilseier at det kan vera klokt at Noreg no tek ei leiande rolle i å utvikle denne næringa. 

Strengt rammeverk og stort kunnskapsbehov
Ei opning for utvinning både bør og skal skje under streng regulering, og gjennom at det vert stilt strenge krav til miljø og miljøkartlegging.

I fleirtalsvedtaket er det vidare lagt inn ein kontrollmekanisme om at dei fyrste vedtaka skal innom Stortinget. Med det sikrar ein at landet sine folkevalde skal ha tydeleg grep om utviklinga av denne næringa. Og med det er nok heller ikkje siste ord sagt i denne saka. 

Sjølv om eit fleirtal no opnar opp vil det likevel truleg ta mange år før dei fyrste minerala vert utvinne frå norsk sokkel. Dette tidsrommet må Havforskingsinstituttet og andre leiande fagmiljø bidra til at kunnskapsholet på dette feltet som fleire har peika på vert tetta. 

Utvinning av mineral frå havbotn krev sterk kompetanse på havforskning og på offshore industri på djuphavet. Vestlandet er verdsleiande på begge deler. 

Dette innlegget er ein del av vår vekentlege nyhendebrev. Meld deg gjerne på her:

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This