Nyhendebrev: Dei økonomiske utsiktene varierer

20 desember, 2023 | Innlegg

Dette er ein del av Perspektiv for lokalpolitikere, Initiativ Vest sitt nyhendebrev skreddarsydd for folkevalde.

Arbeidet med budsjett er for mange nyvalte lokalpolitikarar det fyrste møte med realitetane. For nokre vert lovnadane frå valkampen bytt ut med strukturdebattar og kuttlister.

Når ein ser på økonomien og arbeidet med budsjett i kommunane er det tydeleg at forskjellane er store. Nokre må kutte, medan andre framleis kan plusse på budsjetta og halde fram med store investeringsprogram. Men sjølv om dei kan, er det sikkert at dei burde? 

I valkampen lova Erna Solberg (H) å «piske» sine lokalpolitikarar til å ikkje auke skattar, avgifter og gebyr dei neste fire årene. I Stavanger og Bergen, begge styrt av Høgre-koalisjonar, vil ein dei neste åra kunne følgje med på kva som skjer når lovnadar frå val møter realitetane i kommuneøkonomien. I Stavanger skal eigedomsskatten på hus, fritidsbustadar og næringseigedom kuttast innan 2027. I Bergen skal byrådet halvera eigedomsskatten på bustad innan 2027. Korleis lokalpolitikarane skal finne inndekning til dette er meir i det blå.

«Olav, du må våkna, åttiåringane kjem» skreiv politisk redaktør i BA, Sølve Rydland, i førre veke. Han åtvarar om totalkollaps om ikkje politikarane raskt greier å ommøblera kommunane. Åtvaringane har vore der lenge, men kommunepolitikarane har ikkje nytta gode tider for kommuneøkonomien til å gjera noko med det. No ventar tøffe tak i åra som kjem. 

Stadig fleire kommunar vil verta innhenta av realitetane og jo før ein byrjar å drøfte grep (også dei strukturelle som smertar) jo betre rusta vil ein vera i møtet med nye realitetar. 

Nokre glimt frå budsjettarbeidet på Vestlandet denne hausten: 

I Rauma, som er ein av tre kommunar frå Vestlandet (12 totalt i landet) som står på den berykta ROBEK-lista, verkar stemninga kring budsjetthandsaminga å vera god. På kommunen sine eigne nettsider seier ordførar Yvonne Wold (SV) at «Finansieringsordningene er ulike, men i stor grad er det enighet om retningen, vi ønsker å takke opposisjonen på måten dere gir nye perspektiver på utviklingen. Dette har vært et positivt år på veldig mange måter og det er mye å glede seg til fremover.»

I Sandnes har kommunen ei målsetjing om å gå tre prosent i pluss kvart år. No styrer dei seg inn mot null. I tillegg syner tal frå budsjettet deira at kommunen sine lån vil auke frå 3,9 milliardar i 2022 til kring 6 milliardar i 2027. Det betyr at dei årlege rente- og avdragsutgiftene, som lokalpolitikarar må finne plass til i framtidige årsbudsjett, aukar med 132 millionar frå no til 2026.

I Luster i Vestland fylke «vart det amper stemning» når kommunestyret skulle vedta budsjettet. Luster er ein kraftkommune som dei siste to åra har hatt formidable overskot grunna høge kraftprisar. Likevel var rådmann Jarle Skartun tydeleg når kommunestyret skulle vedta budsjett: – Me har ikkje lenger eit godt budsjett, sa rådmannen, og konstaterte eit netto driftsunderskot på elleve millionar, nei, tolv millionar etter sentralbanksjefen si beiske julegåve same dag.

I Luster har dei framleis kraftpengar til å handtere budsjett, men debatten i kommunestyret er likevel ein god illustrasjon på utfordringa med å gjera grep. Til dømes strukturelle grep. Ekstra vanskeleg kan det vera i kommunar der ein er vant med å kunne saldere med eit kraftfond eller liknande, i staden for å ta ned utgiftssida. 

No senkar julefreden seg over kommunepolitikken, men det spørs om budsjettdebattane dei neste åra vert like fredelege.

Tommy Aarethun

Meld deg på våre nyhendebrev her:

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This