Nytt notat: Dei interkommunale politiske råda kan styrke samarbeidet på Vestlandet

23 august, 2023 | Nyhende, Makt og samarbeid, Publikasjonar

For at Vestlandet skal samla utgjere ein maktfaktor mot hovudstadsområdet, må kommunane finne felles interesser og i større grad tale med éi røyst i viktige saker. Interkommunale politiske råd (IPR) er ein plattform for slikt samarbeid, og det er gode grunnar til å sjå nærare på korleis desse kan få ei enno meir sentral rolle […]

For at Vestlandet skal samla utgjere ein maktfaktor mot hovudstadsområdet, må kommunane finne felles interesser og i større grad tale med éi røyst i viktige saker. Interkommunale politiske råd (IPR) er ein plattform for slikt samarbeid, og det er gode grunnar til å sjå nærare på korleis desse kan få ei enno meir sentral rolle framover. I eit nytt notat har vi sett på arbeidet som skjer i dei interkommunale politiske råda på Vestlandet. Sentralt i arbeidet er ei spørjeundersøking sendt ut til alle ordførarane på Vestlandet.

I undersøkinga går det med anna fram at ordførarane på Vestlandet  meiner arbeidet i dei interkommunale råda har blitt viktigare i inneverande valperiode, og at råda vert opplevd som ein viktig arena for å drøfte regionale saker. Likevel syner arbeidet med notatet også at det på fleire områder er eit uforløyst potensiale, og vi trur nokre grep vil kunne bidra til å løfte arbeidet i råda og styrke samarbeidet i regionen.

Skjermbilde 2023 08 17 kl. 08.41.28

.



Fire funn og fire anbefalingar til råda

I notatet presenterer vi fire hovedfunn frå arbeidet. I tillegg kjem vi, med bakgrunn i funn og arbeidet, med fire anbefalingar til råda som kan vera eit bidrag til vidare utvikling av råda.

Hovudfunn frå undersøkinga

1. Arbeidet i dei interkommunale råda har blitt viktigare i inneverande valperiode, ifølge ordførarane

2. Ordførarar ynskjer ikkje at interkommunale råda skal få større avgjerslemynde i framtida.

3. Dei interkommunale politiske råda vert opplevd som ein viktig arena for å drøfte regionale saker.

4. Dei interkommunale politiske råda bidreg til eit styrka samarbeid i regionane. Potensialet er særskilt stort for samfunnsutviklarrolla og som felles interesseorgan.

Anbefalingar for utvikling av råda

1.  Alle kommunar bør delta i eit råd, slik at råda kan få ei meir formalisert rolle som bindeledd mellom ulike forvaltningsnivå. 

2. Råda bør få ei meir formell rolle på einskilde område, til dømes som koordinerande innspelsorgan.

3. Råda bør arbeide for meir openheit og merksemd, og slik styrke den demokratiske funksjonen til organet. 

4. Utvikle organisasjonsforma og sikre ein administrasjon med kompetanse på kjerneområda

Spørjeundersøking om arbeidet i råda

Ein sentral del av dette notatet er ei spørjerundersøking sendt ut til alle ordførarane i regionen. Svara frå desse vert nytta både til å belyse delar av arbeidet, og som ein del av grunnlaget som anbefalingane i notatet byggjer på. Her presenterer vi nokre av funna frå notatet.


GRAF 1

 

I spørjeundersøkinga går det tydeleg fram at arbeidet i råda vert oppfatta som stadig viktigare. Det kan vera eit uttrykk for at stadig fleire ser verdien av samarbeid, men det kan også seiast å vera eit uttrykk for at kommunane står ovanfor stadig større og meir komplekse oppgåver som det er naudsynt å samarbeide om. 

Vidare går det fram at regionråda bidreg til å styrke samarbeidet internt i regionen (figur 3). For ordførarar fungerer råda som ein verdifull møteplass, der dei kan sjå eigen kommunes utfordringar i ein større samanheng. Store delar av Vestlandet er òg fordelt på naturlege regionar med ein nokon lunde felles identitet, som Hardanger og Sunnmøre. IPR bidreg til at den felles identiteten og dei felles interessene i større grad kan få ein politisk dimensjon. 

GRAF 2 1

Potensiale for vidare utvikling og styrka samarbeid

I notatet argumenterer vi for at råda kan spele ei viktigare rolle på einskilde områder, og at dette vil kunne vera eit viktig bidrag til å styrke samarbeidet på Vestlandet. Vi peikar blant anna på prioriterings- og koordineringsprosessar, der råda kan spele ei rolle. For å mogleggjere dette må både fylkeskommunane og kommune ta grep, og i notatet peikar vi på nokre slike grep.

Vi trur også at auka merksemd kring råda og deira arbeid vil vera viktig. Dei interkommunale politiske råda er lite omtala i media. Lokalaviser dekker i langt større grad debattar som skjer i kommunestyre og formannskap, enn kva dei gjer med saker som vert sett på agendaen i dei interkommunale politiske råda. På sett og vis er dette kanskje naturleg, all den tida råda i stor grad er drøftingsorgan der ein ynskjer å skape ein arena der saker kan drøftast på tvers av kommunar.

Omsynet til transparens og demokrati knytt til arbeidet i råda er ikkje ukjent, og var med anna omtala i forarbeidet til ny kommunelov i 2016. Der argumenterte utvalet som arbeida med dette for at dei dåverande regionråda burde regulerast i kommunelova for å klargjere at lova sine reglar knytt til møteoffentlegheit, sakshandsaming mv. også gjeld for møter i rådet.

Likevel ville det vore ei styrke for råda sin posisjon og for forankring av arbeidet i rådet hjå befolkninga at ein i større grad var opne om, og dermed fekk større merksemd kring arbeidet i råda. 

Det vil vera ei styrke for samarbeidet på Vestlandet om vi får ein debatt om kva rolle desse råda skal ha framover. Funn og anbefalingar i dette notatet kan vera ein stad å byrja. 


Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This