På tilliten laus

16 januar, 2023 | Innlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 13. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Inngangen til 2023 starta brutalt for Rogalandsbenken på Stortinget. I ei undersøking gjennomført av NHO Rogaland og Sparebank 1 SR-bank er dommen tydeleg: – 8 av 10 spurte bedriftsleiarar i Rogaland har aldri hatt lågare tillit til at Rogalandsbenken arbeider til […]

Dette var nyhendebrevet fredag 13. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Inngangen til 2023 starta brutalt for Rogalandsbenken på Stortinget. I ei undersøking gjennomført av NHO Rogaland og Sparebank 1 SR-bank er dommen tydeleg:

– 8 av 10 spurte bedriftsleiarar i Rogaland har aldri hatt lågare tillit til at Rogalandsbenken arbeider til det beste for næringslivet i Rogaland.

– Over halvparten rapportera om synkande tillit til stortingspolitikarane frå Rogaland sidan stortingsvalet i 2021. 

«Oi, dette var virkelig en brutal tilbakemelding» sa Hadia Tajik (Ap) når Stavanger Aftenblad bad om ein kommentar til tala. Det er i grunn ganske treffande for det heile.  

Ein annan som har oppfatta bodskapet er Torstein Tvedt Solberg (Ap) som meiner tala i undersøkinga krev handling. Han lanserer no Rogalandstinget som skal vera ein møteplass der Rogalandsbenken er vertskap og sjølv inviterer inn ei rekkje aktørar: 

 Rogalandsbenken inviterer folk, bedrifter, organisasjonar, kommunar, fagforeiningar og så vidare til å ta opp sin sak med benken på eit heildagsmøte.

– Rogalandstinget vert arrangert annakvar gong i nord- og sørfylket.  

– Rogalandstinget skal møtast i alle fall ein gong i halvåret.  

Det er bra med tiltak og grep som styrkar kontakten mellom næringsliv, offentleg sektor, samfunnslivet. Det er viktig for å sikre at perspektiv og stemmer frå Vestlandet når fram med sitt bodskap, og at stortingsrepresentantane kjenner godt til kva som rører seg her på Vestlandet. 

Ei rekkje saker vitnar om at kontakten ikkje er god nok, noko eg skreiv om i Sogn Avis nyleg

Vi veit at mange verksemder og organisasjonar på Vestlandet har dei same eller liknande utfordringar, og at potensiale knytt til nye næringar mm. er innanfor mange av dei same områda.

Kanskje kan ein i framtida difor også ta det heile eit steg vidare til Vestlandstinget og på den måten også styrke samspelet mellom stortingspolitikarane i landsdelen? 

Det ville vore eit spanande grep som kunne bidrege til at politikarar frå Vestlandet litt oftare var litt meir samstemte. Det ville alle på Vestlandet tent på. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Kva med oss som bur her då?

Kva med oss som bur her då?

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie.  «Har du tenkt på kva...

Det meste av livet må vi laga sjølve

Det meste av livet må vi laga sjølve

Dette var nyhendebrevet fredag 21. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Neste veke inviterer våre samarbeidspartnarar i The North West til sin årlege konferanse i Ålesund. Konferansen samlar næringsliv, politikarar, offentleg sektor og andre...

Kva skjer med kommunane framover?

Kva skjer med kommunane framover?

Dette var nyhendebrevet fredag 14. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Veka før påske kom Generalistkommuneutvalet sin rapport. Rapporten har fått tittelen «Likt ansvar – ulike forutsetninger» og verkar å vera på god veg ned i ei skuff i...

Share This