Dette må du vite om distriktsmeldinga

23 juni, 2023 | Blogginnlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 23. juni. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Heilt sidan Støre-regjeringa flytta inn regjeringskontora har det blitt bygd opp forventningar til distriktsmeldinga. Ikkje så rart når Senterpartiet sit i regjering. Då har ei slik melding ein ekstra dimensjon. No er meldinga her og responsen til no kan tyde på at bogen var spent for høgt i forkant av lanseringa. Men kva bør du vite om den?

Kommunane skal få meir makt knytt til bustadpolitikk og arealpolitikken. Kort fortalt vil regjeringa i større grad differensiere mellom kommunar i arealpolitikken, slik at ein i større grad skal kunne vektlegge regionale og lokale forhold. Det betyr meir liberal arealpolitikk på Bryne og i Aurland enn på Møhlenpris i Bergen. 

Interessant nok kjem dette same dag som regjeringa la fram sine forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027, der ein av desse er å ta vare på matjorda. Det spørst nok også kva regjeringa sin føretrekte samarbeidspartnar, SV, vil meine om dette. 

I tillegg varslar ein at ein skal vurdere om ein større del av låna i Husbanken skal gå til distriktskommunar.

Målet om å desentralisere statlege arbeidsplassar ligg fast. Ikkje minst for å bidra til å skape meir attraktive arbeidsmarknadar over heile landet.

Det siste året har denne saka fått stor merksemd her på Vestlandet knytt til saka om Fiskeridirektoratet og ei setning om at lokalisering av statlege verksemder ikkje berre skulle skje utanfor Oslo, men også utanfor dei store byane. Denne linja ligg fast i den nye meldinga, men det er kome inn ei presisering om at «retningslinjene utelukkar ikkje at statlege arbeids- plassar kan lokaliserast i byar som Bergen og Trondheim.» Skal tru om ikkje denne er skriven inn etter regjeringa sitt sviande nederlag i Stortinget i denne saka? 

Djerve mål og ambisjonar er ofte det som får mest plass i meldingar som denne. No er det ikkje lenger berre eit mål å halde på folketalet i distrikta. Regjeringa klinkar til med ei målsetjing om at talet på innbyggjarar i distrikta no skal auke. Nokre kallar det «hårete», nokre kallar det «naivt» og nokre meiner det er «urealistisk». 

Det var også litt påfallande at eit prestisjeprosjekt som dette var lagt fram av kommunal- og distriktsministar Sigbjørn Gjelsvik aleine. Kvar var næringsministeren? Kvifor var ikkje ministaren for høgare utdanning der? Landbruksministeren? Mange statsrådar sit på heilt sentrale verkemiddel i distriktspolitikken. 

Og kvifor ville verken kommunalministeren eller partileiar Trygve Slagsvold Vedum prioritere å møte på Politisk Kvarter dagen etter at dei la fram ei melding dei har skapt store forventningar til? Kanskje innsåg dei at dei har skapt for store forventningar. 

No spenner dei på ny bogen med djerve mål om at det skal verta fleire folk i distrikta. Det må følgjast opp i budsjett og andre politiske meldingar i åra som kjem, for det som ligg i denne meldinga er ikkje aleine nok til å stå opp mot dei globale trendane som utfordrar distrikta. 

Andre innlegg

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Kva med oss som bur her då?

Kva med oss som bur her då?

Dette var nyhendebrevet fredag 28. april. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.For ei tid tilbake deltok eg på eit arrangement om kompetanse og rekruttering. I etterkant kom ein person bort til meg for å fortelja meg ei historie.  «Har du tenkt på kva...

Det meste av livet må vi laga sjølve

Det meste av livet må vi laga sjølve

Dette var nyhendebrevet fredag 21. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Neste veke inviterer våre samarbeidspartnarar i The North West til sin årlege konferanse i Ålesund. Konferansen samlar næringsliv, politikarar, offentleg sektor og andre...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This