Utsleppsfrie hurtigbåtar: Kven tar rekninga?

9 mars, 2024 | Arrangement, Nyhende, Samferdsel

Arrangement i Bergen 14. mars klokken 18.

Hurtigbåtar har vore klimaverstingar, men skal no bli klimavinnarar. Når kan me reisa utsleppsfritt med båt til Sogn og Hardanger? Med kva teknologi? Og ikkje minst: Kven tar rekninga? Maritime CleanTech og Initiativ Vest inviterer til hurtigbåtdebatt under Varmere Våtere Villere.

Verdas første utsleppsfrie hurtigbåt, «Medstraum», har gått i rute i Stavanger sidan 2022. I Vestland skal Askøyruta bli elektrisk i 2025. No jobbar fylkeskommunen og Skyss med nye anbod for rutene til Sogn og Nordfjord frå 2026 – og til Sunnhordland og Hardanger frå 2028.

Mens fylket planlegg nye anbod, manglar dei framleis avklaringar frå staten om handlingsrommet. Allereie i 2020 blei det varsla at nullutsleppskrav for hurtigbåtar skal innførast frå 2025, men forskrifta er endå ikkje banka gjennom, og også den statlege kompensasjonen er usikker. Samstundes er prosjektet «Framtidas hurtigbåt» sett på vent grunna manglande finansiering.

Kva må til for at utsleppsfrie hurtigbåtar i vestlandsfjordane skal gå frå visjon til realitet? Kva gjer fylkespolitikarane no – og kva draghjelp får dei frå staten?

Medvirkende:
Stian Davies
, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune (Ap)
Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høyre
Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV
Lars Inge Vågen, kommersiell direktør i Norled

Samtaleleder: Mathias Fischer, daglig leder i Initativ Vest

Inngang: Enkeltbillett, dagspass eller festivalpass

Sted: Kulturhuset, Bergen

Arrangementet er et samarbeid mellom Maritime Clean Tech og Initiativ Vest, og er en del av festivalprogrammet på Varmere Våtere Villere.

Varmere Våtere Villere

Møteplassen for klima, kunnskap og kultur

Klimafestivalen Varmere Våtere Villere spring ut av ønsket om å gjera klimadebatten meir tilgjengeleg og engasjerande. Festivalen er ein uformell og sosial arena der akademia, sivilsamfunn, næringsliv, kulturliv og allmenta møtest for å dela kunnskap, meiningar og idear. Ein stad der ein diskuterer alt frå dei globale spørsmåla til dei mindre kvardagslege handlingane. På programmet finn du foredrag, samtalar, debattar, filmframsyningar, live show, workshops, forfattarsamtalar, kunstutstillingar og konsertar.

Andre innlegg

Share This