Vestlandsintervjuet: Jan Erik Kjerpeseth

4 april, 2022 | Nyhende

- Det er eit enormt potensiale for verdiskaping på fornybarfeltet. Men våre naboland og handelspartnarar har nytta tida mykje betre enn Noreg. No må vi få opp farta, seier Jan Erik Kjerpeseth.

– Det er eit enormt potensiale for verdiskaping på fornybarfeltet. Men våre naboland og handelspartnarar har nytta tida mykje betre enn Noreg. No må vi få opp farta, seier Jan Erik Kjerpeseth.

JEK VI
Jan Erik Kjerpeseth. Foto: Sparebanken Vest

Jan Erik Kjerpeseth er konsernsjef i Sparebanken Vest, ein bank han har arbeida i sidan 1999. I tillegg er han i dag med anna styreleiar i Eviny, og har tidlegare med anna vore styreleiar i Bergens Næringsråd. Han kjenner difor særs godt til kva som rører seg i næringslivet på Vestlandet, og han har klåre tankar om ei rekkje tematikkar som er viktig for utviklinga av Vestlandet som region. 

sparebanken

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest er eigd av 290.000 vestlendingar. Banken er ei samanslutning av ei rekkje bankar på Vestlandet og marker i 2023 sitt 200 års jubileum. Eit viktig mål for banken er å bidra til å gjera livet på Vestlandet endå litt betre.

Les meir om Sparebanken Vest her. 

Vestlandet er avgjerande

– Vestlandet er heilt avgjerande for at Noreg skal ha sterk konkurransekraft globalt. Vi har ei rekkje næringar, som sjømat, maritim sektor og maritim teknologi, der vi er nøydd til å auke eksporten gjennom å utnytte kompetansen som vi har hatt knytt til olje- og gassektoren over mange tiår. 

Satsinga på ny, grøn industri må styrkast!

– Det er eit enormt potensiale for verdiskaping på fornybarfeltet, spesielt her på Vestlandet. Men våre naboland og handelspartnarar har nytta tida mykje betre enn Noreg. No må vi få opp farta.

Vidare meiner han det er kritisk viktig at vi forstår korleis konkurransesituasjonen endrar seg for Noreg når sentrale handelspartnarar som EU styrer mot netto null utslepp. 

– Vi må sikre marknadstilgangen. For Vestlandet er det heilt kritisk at Noreg har full tilgang til den europeiske marknaden. EU set råmevilkåra for konkurransen, både gjennom regulerginar som taksonomien, men også gjennom innovasjonsfinansieringa. 

Han peikar vidare på at det må leggjast til rette for nye, grøne verdikjeder, og seier at ein avgjerande føresetnad for dette er auka tilgang på fornybar energi. I den anledning nemner han rapporten Vestlandsscenarioene som peikar på at Vestlandet har eit underskot på 2800 MW, på behovet for auka produksjon og utbygging av straumnettet og på behovet for at råmevilkåra og teknologiutviklinga legg til rette for at havvind vert lønsamt. 

Eit livskraftig privat næringsliv er avgjerande for sterke lokalsamfunn!

– Distriktspolitikken handlar om langt meir enn utflytting av statlege arbeidsplassar, landsbruksoverføringar og å stoppe sentraliseringa av statlege funksjonar. Skal vi skape sterkare lokalsamfunn, må det fyrst og fremst leggjast til rette for eit livskraftig privat næringsliv.

Kjerpeseth listar opp ei rekkje grep han meiner er avgjerande framover: 

  • Det må flyttast meir makt til Vestlandet gjennom samarbeid
  • Næringslivet på Vestlandet må gå på tvers av fylkesgrenser
  • Vi må ha meir forpliktande samarbeid om næringsutvikling på tvers av fylka
  • Vi treng eit sterkare og meir formalisert samarbeid mellom klyngene
  • Ein må gjera distriktskommunane mindre avhengig av offentleg sektor, og leggja til rette for meir privat næringsliv. 

Kjerpeseth peiker på at byane i større grad bør ta ei leiarrolle saman med fylka i viktige prosjekt som går på tvers av fylkesgrensene. Han meiner det vil gi meir kraft om ein går saman for å synleggjere felles moglegheiter og utfordringar, og ein lettare vil få merksemd rundt viktige saker som å flytte større verksemder og satsingar til Vestlandet. Han trekk også fram kor viktig det er å vise felles front i viktige samferdsleprosjekt opp mot nasjonale styresmakter, som for eksempel E39.

Infrastruktur i verdsklasse

– Vi greier ikkje å fullt ut utnytte dei moglegheitene vi har dersom vi ikkje også har ein infrastruktur som er i verdsklasse. Det er vi langt unna i dag. Det gjeld både E16 og E39. Vi har i dag ein standard på vegane våre som er langt under det den burde vore. 

Han peikar på tidvis manglande folketalsvekst på Vestlandet som ei utfordring som på lang sikt kan gje tilbakegang og tap av arbeidsplassar og næringsattraktivitet.

– Mobiliteten mellom Bergen og Stavanger pregast i stor grad av ferjetilbodet. På grunn av ferjene er vegen mellom dei to byane i realiteten berre open 5 minutt kvar 20 minutt. Hordfast er difor eit svært viktig prosjekt for Vestlandet. 

– Det bur om lag 1 million menneske og det er 600.000 arbeidsplassar i denne regionen. Med ein moderne infrastruktur ville ein fått ein heilt annan mobilitet og tilgang til tilbod og aktivitetar internt i regionen. 

Vestlandet er avgjerande for omstillinga av Noreg

Sparebanken Vest har gjennom å opprette stiftinga Agenda Vestlandet øyremerka 300 millionar kroner til satsingar innan berekraft og grøn omstilling. Som ein del av dette arbeidet, er hovudfokuset på Vestlandskonferansen i år, «Kvantespranget», som handlar om den store omstillinga Noreg og Vestlandet no skal gjennom.

– Noko av det vi er mest opptekne av å få fram er at Vestlandet er Noreg sin største vekstmotor. Regionen spelar ei kritisk viktig rolle i den omfattande omstillinga som landet vårt står overfor. Den grøne omstillinga er ikkje noko vi kan velje vekk – det skjer, seier Kjerpeseth. Han legg til:

– Vi kan ikkje berre sjå på dette utifrå eit norsk perspektiv: Verda går no mot eit lågutsleppssamfunn, og EU set «den grøne dagsorden». Det er heilt avgjerande for bedrifter på Vestlandet å forstå dei råmevilkåra som EU no set, og korleis dei vil påverke også her i Noreg. 


Han seier at verksemder som hamnar utanfor EU sin taksonomi vil få vanskar med å hente inn kapital til innovasjonar og nye satsingar framover. Det er difor ei viktig oppgåve for banken å byggje opp kompetanse – både internt i banken, men også bidra til å byggje opp kompetanse i regionen på dette feltet. 

– Det er i vår og våre kundar si interesse å gjera det enklast mogleg å fatte berekraftige val som sikrar deira konkurransekraft. 

Vi gjer merksam på at Initiativ Vest er ein av organisasjonane som får støtte frå stiftinga Agenda Vestlandet. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This