Bidreg dette budsjettet til å «ta heile landet i bruk», då? 

11 oktober, 2022 | Innlegg

Førre veke la regjeringa fram sitt fyrste eigne statsbudsjett. Det er på sin plass å stille spørsmål ved om dette bidreg til å nå målsetjinga deira om å i «større grad ta heile landet i bruk». Regjeringa utgått av Arbeiderpartiet og Senterpartiet har i sin eigen regjeringsplattforminnleiingsvis slege fast at «målet om å ta heile landet i […]

Førre veke la regjeringa fram sitt fyrste eigne statsbudsjett. Det er på sin plass å stille spørsmål ved om dette bidreg til å nå målsetjinga deira om å i «større grad ta heile landet i bruk».

Regjeringa utgått av Arbeiderpartiet og Senterpartiet har i sin eigen regjeringsplattforminnleiingsvis slege fast at «målet om å ta heile landet i bruk skal vera gjennomgåande i regjeringa sine prioriteringar og avgjersler». Budsjettet for inneverande år arva dei frå sine forgjengarar, men når dei no har lagt fram sitt fyrste eigne statsbudsjett er det grunnlag for å byrja å sjå om målsetjinga faktisk er gjennomgåande.

Men fyrst litt om stramheit. 

Oppladinga mot framlegginga av Statsbudsjettet for 2023 har vore prega av eit unisont bodskap frå regjeringa om at «dette vil bli tøft», «mange vil bli skuffa» og «budsjettet vil bli svært stramt». Når ein no har fasiten i hand er det grunn til å spørje om det eigentleg var så stramt? Ser ein på budsjettimpulsen, som gjev eit bilete av om oljepengebruken er med på å gi meir gass, er nøytral eller held litt igjen i økonomien, so er denne på -0,6 for 2023. Til samanlikning syner regjeringa sine eigne tal at den var på -0,8 i 2021 og -1,2 i 2022. Regjeringa hadde ein heilt tydeleg plan i forkant av framlegginga. Det skulle skapast eit inntrykk av at dette vart tøft og stramt. Det lukkast dei godt med. Kanskje nesten litt for godt?

Eit av grepa som har fått mest merksemd i media er skattegrepa regjeringa no innfører. Ein gjer ei rekkje ulike skattegrep, som i sum fører til ei auke på 46 milliardar kroner neste år. Særskilt har endringane knytt til oppdrettsnæringa og kraftselskapa fått stor merksemd. Det er naturleg all den tid det er her dei største endringane kjem, og fordi dette er viktige næringar langs kysten og ute i distrikta. At kommunar og fylkeskommunar er sentrale eigarar i kraftselskapa tilfører enno eit politisk element i miksen.

Mange i næringslivet har naturlegvis funne fram storskytset i sin kritikk mot regjeringa, men også politikarar frå både opposisjonspartia og regjeringspartia har meldt seg på. Gjennomgangsmelodien er at ein reagerer skarpt på at midlar vert flytta frå kommunar og fylkeskommunar og til staten. Blant dei som reagerer kraftig på regjeringa sitt nye skatteopplegg for vasskrafta er 12 ordførarar frå Arbeiderpartiet. Dei er med anna bekymra for at skattlegginga av kraftselskapa, som deira kommunar har eigarinteresser i, ikkje lenger skal kunne gjennomføra planlagde og naudsynte investeringar. Som skal sikre meir sårt tiltrengt fornybar kraft, og som skal generere inntekter som dei kan nytte til skular, eldreomsorg mm. Det er forståeleg at dei er uroa for det, og det er gode grunnar til å sjå ein gong til på denne ordninga. 

Skattlegginga av oppdrettsnæringa har også møtt store reaksjonar lang kysten, og ei av dei som har sagt tydelegast frå er Salangen-ordførar Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp), som i forkant av at nyhenda vart kjent omtala rykta som gjekk som «eit ran av kystsamfunna». Det bør ikkje kome heilt uventa at ei regjering utgått av desse to partia ville auke skattane, men at dei i ei skattepakke går så målretta etter dei sentrale næringane i distrikta er overraskande. Ein gjer her ein del grep som det skulle vore interessant å høyre kva dei to partia, i alle fall Senterpartiet, ville meint om dersom dei no sat i opposisjon. 

Eit anna område som alltid fører til merksemd i samband med framlegginga av statsbudsjettet, ikkje minst på Vestlandet, er samferdslesektoren. Også her hadde regjeringa gjennom sine talepunkt skapt eit inntrykk av at mange ville verta skuffa. Når vi no har fasiten er resultatet ser ein at det til dømes var rom til å prioritere både flytting av flyplassen i Bodø og ein tunnel i Oslo til over 3 milliardar, som ikkje Oslo vil ha. 

Eg skal ikkje meine så mykje om desse to konkrete prosjekta i dette innlegget, men det syner i alle fall at det var rom til å prioritere prosjekt også denne gongen. Det gjer at dei som no er ute av lista har ekstra grunn til å vera skuffa, dei er nedprioritert av regjeringa i eit budsjett der det var rom til å prioritere. Ein kan seie at «budsjettet er stramt» so mange gonger ein vil til folk langs Ringeringsbana og mellom Bergen og Voss, men det spørst om ikkje regjeringa heller bør svare for prioriteringane sine, når fasiten syner at det er rom til å gjera faktiske prioriteringar innanfor dette budsjettopplegget. 

Svare for prioriteringane sine må dei i alle fall gjere neste haust, når det er tid for kommunestyre- og fylkestingsval. Eg hadde ikkje gleda meg alt for mykje til det om eg no var valkampsjef langs kysten i eit av dei to regjeringspartia. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This