Det kan vera gode grunnar til å sjå meir mot Danmark

25 mars, 2022 | Blogginnlegg

Både innan desentralisering og energipolitikk skjer det spanande ting i vårt naboland. Vil den norske regjeringa hente inspirasjon, og kan vi lære noko? 

I 2015 bestemte den danske regjeringa at dei statlege arbeidsplassane i større grad skulle vera fordelt i heile landet. Målsetjinga var at dei skulle koma tettare på innbyggjarar og verksemder. Det førte til reformprogrammet «Bedre Balance», der den dåverande Venstre-regjeringa leia av Lars Løkke Rasmussen tok initiativ til å flytte ca. 3.900 arbeidsplassar frå hovudstaden til dei fire øvrige regionane i Danmark. I 2018 følgde ein opp med «Bedre Balance II» der målet var å flytta ytterlegare 4000 statlege arbeidsplassar.

Status for arbeidet var i 2021, i følgje tal frå Indenrigs- og boligministeriet i Danmark, at 77 av 89 flyttingar og etableringar som var planlagt som ein del av denne reforma var flytta. Resterande flyttingar var planlagt i andre halvdel av 2021 og i 2022/2023.  

Under det politiske slagordet «Tættere på» har den noverande regjeringa leia av Mette Frederiksen halde fram, og styrka denne kursen. «Danmark skal hænge bedre sammen. Vi skal have grønne byer og en hovedstad i udvikling, velfungerende provinsbyer, små bysamfund og levende landdistrikter.» står det innleiingvis i dokumentet «Tættere på – Flere uddannelser og stærke lokalsamfund».  

I sin nyttårstale ved overgangen frå 2021 til 2022 varsla Mette Frederiksen at alle kommunar no skal setjast fri frå staten sine reglar og byråkrati. Det er ei utviding av det sokalla frikommuneforsøget, der sju kommunar har vore prøvekommunar og fått full fridom til å drive anten grunnskular, barnehagar eller eldreomsorg.  

Kan Noreg henta inspirasjon frå dansk distriktspolitikk?   
Det som har skjedd på dette feltet i Danmark er i seg sjølv interessant, dersom ein høyrer til dei som meiner at det er gode grunnar for at meir makt og mynde i Noreg med fordel kunne vore flytte ut av Oslo. Det som gjer det heile endå meir interessant er at vi frå før veit at både Senterpartiet og Arbeiderpartiet hadde sans for ein del av dei grepa vi har sett i Danmark dei seinare åra knytt til desentralisering og distriktspolitikk. Med anna hadde Indenrigs- og boligminister Kaare Dybvad Bek møter med både Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum i august 2021. Det er grunn til å ha von om at dei framleis har sans for ein del av dette, sjølv om dei no er kome i posisjon.

Fredag 18. mars var det debatt i Stortinget om fjernarbeid og desentralisering av statlege arbeidsplassar, der med anna eit framlegg frå oss i Initiativ Vest fekk merksemd under debatten. I debatten slo statsråd Bjørn Arild Gram (Sp) fast at fjernarbeid må kome som tillegg til statleg lokalisering i distrikta, og ikkje som erstatning. Det er eit bra signal, og kanskje bør han sjå til nettopp Danmark?

Kva om den norske regjeringa, som danskane, i distriktsmeldinga som kjem slo fast at dei ynskja ei storstilt utflytting av makt og statlege arbeidsplassar der målsetjinga er at dei skal koma tettare på innbyggjarar og verksemder. Det ville vore eit grep som faktisk bidrog til å fylte det politiske slagordet om å i større grad ta heile landet i bruk med reelt innhald. Vi i Initiativ Vest har tidlegare teke til ordet for at ein i samband med bygginga av eit nytt regjeringskvartal burde ha turt å tenka større og sett på om ein kunne organisert samfunnet på ein anna måte, ikkje minst kva gjeld lokalisering av departementa. Torer ei regjering som skal ta heile landet i bruk å tenka ein slik tanke?

Energipolitikk med vyer  
Du har kanskje høyrt om dei danske energiøyene? Det er eit gigantisk grønt prosjekt der danskane byggjer verdas fyrste to energiøyer, og med det innleiar ein ny epoke for havvind i stor skala. I følgje danske Energinet skal dei to øyene vera ferdigstilt innan 2030, og levere 5 GW effekt. Til samanlikning vil den norske satsinga som nyleg vart lansert med fyrste fase av Sørlige Nordsjø II levere 1,5 GW (Ytterlegare 1,5 GW vil kome i andre fase).  

webinaret Energy Islands denne veka, i regi av GCE Ocean Technology, Statnet og Energinet, fortalte Hanne Storm Edlefsen i Energinet om den store satsinga og opplyste i tillegg at  prosessen bak øyene var driven fram i eit tett samspel mellom næringslivet og det politiske miljøet, og at prosjektet no har eit breitt fleirtal bak seg. (175 av 179 representantar).

Ein annan som har teke til ordet for meir danske tilstandar på dette området er dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse Lars-Henrik Paarup Michelsen som eg snakka med i #vestlandsintervjuet nyleg. Der peika han på at danskane har nytta krisepakkene under Covid-19 til å ytterlegare styrke denne satsinga, og at dei i motsetning til Noreg har hatt «industribrillene» på når dei har utarbeida sine satsingar.  


 Kanskje burde norske politikarar som reiser på studietur for å sjå på distriktspolitikken også låne dei danske industribrillene når dei fyrst er der? 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This