Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

6 mars, 2023 | Blogginnlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at dei er raske med å rose kvarandre, og å løfte fram andre aktørar og miljø frå regionen.

I etterkant av panelsamtalen spurte eg ordførar i Haugesund og regionrådsleiar på Haugalandet, Arne-Christian Mohn (Ap), om kvifor alle tilsynelatande er så samstemte? 

Svaret frå ordførar Mohn (Ap) var i grunn både enkelt, interessant og tankevekkande:

– Eg trur nøkkelen er at vi no konsekvent snakkar om Haugalandet (regionen) og ikkje Haugesundsregionen (byen).

I bilen heim frå Haugesund denne dagen tenkte eg mykje på dette sitatet, og i kva grad dette er noko andre regionar og miljø på Vestlandet både kunne og burde lære noko av.

Dei siste åra har det vorte nytta ein god del ressursar og krefter på å profilere ulike byar knytt til satsingar og utviklingsprosjekt. Mest kjent er prosjekta Havbyen Bergen og Energihovedstaden Stavanger, men også andre (Sett inn bransje)-byar og hovudstad for (sett inn bransje) har blitt lansert. Også på Haugalandet. 

I lys av sitatet til ordførar Mohn (Ap) er det kanskje på sin plass å reflektere litt kring kor smart dette eigentleg har vore og er. Byggjer dette opp under samarbeid? Eller bidreg det heller til konflikt og fogderi som kunne vore unngått? 

I desse dagar er eit «Vestlandsopprør» mot regjeringa i følgje NRK i ferd med å spreie seg langs kysten. Det syner at denne landsdelen har nokre felles utfordringar og moglegheiter framover, som ein er tent med å samle laget i møtet med. 

I den kampen som no ventar trur eg andre regionar på Vestlandet kan lære ein god del av Haugalandet. Kva om vi alle heller snakka om Vestlandet som ein region som er leiande både på hav og energi, heller enn å krangle om kven av byane som skal fronte kva? 

Eg trur diverre NRK-saka og den internasjonale kampen om dei nye grøne verdikjedene syner at det ikkje er tid til å krangle om slikt no.  

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Vi vestlendingar sit stort sett i same båten

Vi vestlendingar sit stort sett i same båten

Dette var nyhendebrevet fredag 17. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Foto: Thor Brødreskift Det heiter ikkje: eg – no lenger.Heretter heiter det: vi. Det skreiv Haldis Moren Vesaas i «Tung tids tale». Diktet er skrive under andre...

Kor mange sigrar vil Kari Nessa Nordtun få?

Kor mange sigrar vil Kari Nessa Nordtun få?

Dette var nyhendebrevet fredag 10. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Det var ikkje mange dagane Energikommisjonen fekk all merksemd. Berre nokre få dagar etter at kommisjonen førre veke lanserte sin rapport kom nye framlegg til...

Tøffe vegval ventar

Tøffe vegval ventar

Dette var nyhendebrevet fredag 03. februar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Energikommisjonen leverte onsdag denne veka sin rapport. Namnet på NOU-en «Mer av alt – raskere» er i grunn ei ganske god oppsummering av det heile. Samstundes overlet...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This