Manglande kompetanse vil verta eit kjempeproblem

10 juni, 2022 | Innlegg

Stadig fleire slit med å få tak i den kompetansen dei har behov for, både i offentleg sektor og i det private næringslivet. Det kan fort verta eit stort problem for Vestlandet framover.

Stadig fleire slit med å få tak i den kompetansen dei har behov for, både i offentleg sektor og i det private næringslivet. Det kan fort verta eit stort problem for Vestlandet framover.

Når eg snakkar med folk rundt om kring på Vestlandet, anten det er leiarar i det private næringslivet eller folk i offentleg sektor, er det ein bekymring som stadig går att: manglande tilgang på nok og riktig kompetanse. I NHO sitt kompetansebarometer for 2022 rapporterer 2 av 3 verksemder om eit udekt kompetansebehov. Det same er gjennomgangsmelodien i media, der ein stadig ser oppslag av typen «aldri har det vore fleire ledige stillingar», «bedriftene får ikkje tak i nok folk» og «rekordlåg arbeidsløyse».  

Arbeidsinnvandring har vore, og er, ein viktig del av løysinga for å sikre nok kompetanse. Ikkje minst innan fiskeri, industri og andre naturressursbaserte næringar. Nyleg intervjua eg Anne Karin Hamre, som er direktør ved Vestlandsforsking. Ho åtvarar der mot at «denne løysinga» er i ferd med å forsvinne då mange av dei europeiske landa har endå lågare fødselstal enn Noreg, og at «heile Europa er i ferd med å verta ein gamleheim».

For å sikre vekst og utvikling, og for å framleis kunne tilby gode velferdstenester er det avgjerande å sikre at både næringslivet og offentleg sektor får tak i den kompetansen ein treng framover. Det er ingen enkle løysingar på denne problemstillinga, og det er naudsynt med ei brei tilnærming for å lukkast. Derimot veit vi at sentralt i dette vil samhandlinga mellom utdanningssystemet og samfunnet kring dei stå. Både for å sikre at ein utdannar nye kandidatar med den kompetansen det er behov for, men også for å sikre fleksible etter- og vidareutdanningar som gjer det mogleg for folk i arbeidslivet å halde seg oppdatert og å tileigne seg ny kunnskap gjennom heile livet. 

Kompetanseheving, fleksible utdanningar og eit tettare samspel mellom utdanningssystemet, næringslivet og det offentlege er også viktig for å sikre at dei som i dag står utanfor arbeidslivet får ein veg inn. Det vil verta viktig for å sikre tilgang på arbeidskraft, samstundes som folk som i dag ikkje har ein jobb kan få moglegheit i arbeidslivet.   

Mangfald, arbeidsdeling og samarbeid  
Frå og med neste år skal norske universitet og høgskular verta styrte etter tre overordna sektormål, i tillegg til utviklingsavtalar med kvar einskilde institusjon. Til erstatning frå dagens seksten styringsparametre. Det eine av sektormåla, god tilgang til utdanning og kompetanse i heile landet, har i ei nyleg høyringsrunde hausta kritikk i sektoren. Ein meiner målet kan gå på bekostning av kvaliteten i utdanningane. Dette er ein klassisk konflikt i universitets- og høgskulesektoren og det er avgjerande at ein lukkast med å finne ein god balanse på dette framover. Noreg treng både fleksible utdanningstilbod med kvalitet, og ein treng dei lange gradsutdanningane og dei leiande forskingsmiljøa.   

Skal vi lukkast med å møta det enorme kompetansebehovet vi ser i dag, og vil sjå i åra som kjem, er det avgjerande at ein har eit velfungerande utdanningssystem. Grunnskular, vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet. Kompetansebehovet syner at det er behov for ulike typar av kompetanse, og då verken kan eller bør det vera eit mål at utdanningane som vert tilbydd skal verta mest moglege like. Snarare tvert imot. Mangfald, arbeidsdeling, og samarbeid mellom ulike typar utdanningsinstitusjonar er sentrale stikkord og bør få ein endå større plass i debatten om kompetanse og utdanning framover. I tillegg er det kritisk viktig at ein held fram med å utvikla tilbodet av etter- og vidareutdanning (livslang læring).

Framover skal ein løysa stadig meir krevjande oppgåver, samstundes som ein langs vestlandskysten no skal utløysa potensialet som ligg i overgangen til det grøne skiftet vi no står midt i. For å lukkast er det heilt avgjerande at ein greier å sikra tilgang til rett og nok kompetanse. God kontakt og eit tett samspel mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonane i regionen vert viktigare enn nokon gong. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This