På tilliten laus

16 januar, 2023 | Blogginnlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 13. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Inngangen til 2023 starta brutalt for Rogalandsbenken på Stortinget. I ei undersøking gjennomført av NHO Rogaland og Sparebank 1 SR-bank er dommen tydeleg:

– 8 av 10 spurte bedriftsleiarar i Rogaland har aldri hatt lågare tillit til at Rogalandsbenken arbeider til det beste for næringslivet i Rogaland.

– Over halvparten rapportera om synkande tillit til stortingspolitikarane frå Rogaland sidan stortingsvalet i 2021. 

«Oi, dette var virkelig en brutal tilbakemelding» sa Hadia Tajik (Ap) når Stavanger Aftenblad bad om ein kommentar til tala. Det er i grunn ganske treffande for det heile.  

Ein annan som har oppfatta bodskapet er Torstein Tvedt Solberg (Ap) som meiner tala i undersøkinga krev handling. Han lanserer no Rogalandstinget som skal vera ein møteplass der Rogalandsbenken er vertskap og sjølv inviterer inn ei rekkje aktørar: 

 Rogalandsbenken inviterer folk, bedrifter, organisasjonar, kommunar, fagforeiningar og så vidare til å ta opp sin sak med benken på eit heildagsmøte.

– Rogalandstinget vert arrangert annakvar gong i nord- og sørfylket.  

– Rogalandstinget skal møtast i alle fall ein gong i halvåret.  

Det er bra med tiltak og grep som styrkar kontakten mellom næringsliv, offentleg sektor, samfunnslivet. Det er viktig for å sikre at perspektiv og stemmer frå Vestlandet når fram med sitt bodskap, og at stortingsrepresentantane kjenner godt til kva som rører seg her på Vestlandet. 

Ei rekkje saker vitnar om at kontakten ikkje er god nok, noko eg skreiv om i Sogn Avis nyleg

Vi veit at mange verksemder og organisasjonar på Vestlandet har dei same eller liknande utfordringar, og at potensiale knytt til nye næringar mm. er innanfor mange av dei same områda.

Kanskje kan ein i framtida difor også ta det heile eit steg vidare til Vestlandstinget og på den måten også styrke samspelet mellom stortingspolitikarane i landsdelen? 

Det ville vore eit spanande grep som kunne bidrege til at politikarar frå Vestlandet litt oftare var litt meir samstemte. Det ville alle på Vestlandet tent på. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

No er det på tide å ta heile landet i bruk

No er det på tide å ta heile landet i bruk

Dette var nyhendebrevet fredag 17. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Foto: Skjermdump av den digitale sendinga til Senterpartiet sitt landsmøte. Denne veka samlar eit av regjeringspartia seg for fyrste gong til landsmøte etter at...

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Fleire grunnar til at det murrar på Vestlandet

Dette var nyhendebrevet fredag 10. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Som eg nemnte i nyhendebrevet førre veke er eit «Vestlandsopprør» i følgje NRK under oppsigling. Det same mediehuset kunne denne veka melde om at det no er kamp om kva...

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Kan andre på Vestlandet lære av Haugalandet?

Dette var nyhendebrevet fredag 03. mars. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Førre veke arrangerte vi eit frukostmøte i Haugesund om kompetansebehovet på Haugalandet framover. Når eg møter ulike aktørar frå Haugalandet har det slått meg at...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This