Arbeidet med å meisle ut ny politikk til kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 er no i gong for fullt. Det er ein glimrande anledning til å styrke samarbeidet på tvers av kjente grenser og valkrinsar.
«Meir samarbeid er svaret. Kva er spørsmålet?» På mange måtar kan ein oppsummere dei fleste saker, prosessar og debattar for tida på denne måten. Meir og tettare samarbeid vert peika på av dei fleste, inkludert underteikna, som heilt avgjerande for at vi skal lukkast. Men korleis får ein det til?
For å lukkast med å byggja ein sterkare kultur for samarbeid trur eg ein gjer klokt i å ta utgangspunkt i konkrete saker – og nyttar dette til å utvida rommet for samarbeid. Prosessen med å utvikle nye politiske program til kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 er etter mitt syn ein glimrande anledning til å skape eit rom for politiske samarbeid på tvers av kommune- og fylkesgrensene. Kvifor?
Det er mange innbyggjarar som i dag lev sine liv på tvers av kommunegrenser og dermed valkrinsar i det komande valet, i kraft av at dei bur i ein kommune og har sin jobb og nyttar seg av tenestetilbod i andre kommunar. Desse kommunane utgjer det som vert omtala som felles bu- og arbeidsmarknadsregionar, og mange av innbyggjarane er med andre opptekne av samfunnsutviklinga i fleire av desse kommunane.
Vi i Initiativ Vest er opptekne av å bidra til å styrkja samarbeidet på Vestlandet, og vi trur det kan ligga til rette for spanande politisk nytenking dersom ein styrkjar det politiske samarbeidet på tvers av fleire kommunar. Det kan til dømes skje gjennom felles politikkutvikling i den pågåande programprosessen mellom partilaga i eit politisk parti i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion.
For å lukkast er det naturleg å byrja med dei sakene der ein har overlappande interesser og utfordringar, og sakene bør vera av ein karakter som gjer dei relevante i alle kommunane. Det kan vera felles politikk for næringsutvikling, felles initiativ knytt til kompetanseløft og arbeidsliv, infrastrukturløft i ein region eller initiativ og prosessar knytt til kulturtilbodet i ein region. Det kan også vera snakk om politiske saker der mindre kommunar i ein region har behov for hjelp av dei større motorane, som også vil tene på at ei slik sak vert løfta og fronta.
Resultatet av denne typen samarbeid kan verta nyskapande og spanande politikk, som bidreg til samfunnsutviklinga på tvers av grensene. I tillegg vil det bidra til å byggja ned barrierane som vert skapt av dei same grensene, og det vil vera positive bidrag til ein styrka kultur for samarbeid. Det er alle tent med.