Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringar

16 januar, 2023 | Nyhende

No må barrierane brytast ned. Det vart konklusjonen når Vestlandsakademiet drøfta kompetanseutfordringane ein står ovanfor. 

Torsdag 12. januar var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til den fjerde av seks samlingar. Denne gongen var kompetanse tema, ein tematikk som er høgt på agendaen hjå mange i desse tider. 

På samlinga deltok prorektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) Geir Kåre Resaland med eit innlegg. I sitt innlegg snakka Han løfta fram ei rekkje betraktningar om tematikken, og trakk fram både utfordringar og moglegheiter framover. I sitt innlegg løfta han i tillegg fram samarbeid som heilt avgjerande.

I tillegg til Resaland deltok også Ann-Kristin Kristoffersen som er rådgjevar i NHO Vestlandet. Ho var invitert inn i samlinga for å løfte fram kva behov verksemdene på Vestlandet har, og vil ha i åra framover. Kristoffersen sitt innlegg tok utgangspunkt i NHO sitt årlege kompetansebarometer som no seier at to av tre verksemder har eit udekt kompetansebehov. 

No må barrierane brytast ned

I etterkant av dei to innlegga drøfta deltakarane ei rekkje ulike spørsmål og problemstillingar relatert til denne tematikken. Kompetanse, og utfordringane knytt til tilgong på kompetanse, er ein tematikk som har gått igjen i drøftingane i årets kull av akademiet, og drøftingane på denne samlinga syner at dette er ein tematikk som opptek unge vestlendingar i stor grad. Ein gjennomgangsmelodi i innlegga til deltakarane i akademiet under samlinga var at «barrierane må brytast ned»: 

– det må verta lettare å ta ny utdanning, anten ein er i eller står utanfor arbeidslivet.

– barrierane mellom offentleg sektor, næringsliv og utdanningsinstitusjonane må brytast.

– barrierane internt ved utdanningsinstitusjoanane med fordel kan byggjast ned, slik at det ikkje vert unødvendige vanskeleg å tileigne seg ulike typar kompetanse på tvers av avdelingar og fakultet. 

Vestlandsakademiet har mottatt prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. I tillegg mottek Initiativ Vest stønad frå Agenda Vestlandet. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Torsdag 18. november arrangerte vi den tredje samlinga i det andre kullet av Vestlandsakademiet. Denne gongen var det havet, og havregionen, som var tema.Havet er viktig for Vestlandet i dag, men vil verta minst like viktig i framtida. Mange av satsingsområda til...

Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

Tidlegare statssekretær og kommentator går til tankesmia for Vestlandet.  - Eg ser fram til å bidra til byggja ein viktig aktør for ide- og politikkutvikling her vi bur. Dette er ein givande moglegheit til å styrka samarbeidet og debatten på Vestlandet, seier...

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

På den andre samlinga i Vestlandsakademiet var det grøne skiftet og korleis dette vil påverke Vestlandet tema. Tematikken er ein sentral del av ordskiftet, og vil prege samfunnsutviklinga i regionen iåra som kjem. Det er bakgrunnen for at denne tematikken også er...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This