Auk fokuset på dei regionale sentra!

24 mai, 2022 | Innlegg

Dei regionale sentra, i tett samspel med sine omland, kan spele ei nøkkelrolle i utviklinga av Noreg. Likevel får desse lite politisk merksemd. Det bør ein gjere noko med!Mindre byar og byregionar er ein sentral del av busetnadsmønsteret i Noreg, og difor er dei også viktige for den regionale utviklinga i landet. Likevel får desse […]

Dei regionale sentra, i tett samspel med sine omland, kan spele ei nøkkelrolle i utviklinga av Noreg. Likevel får desse lite politisk merksemd. Det bør ein gjere noko med!

Mindre byar og byregionar er ein sentral del av busetnadsmønsteret i Noreg, og difor er dei også viktige for den regionale utviklinga i landet. Likevel får desse byane og områda lite politisk merksemd, samanlikna med utkantdistrikta og storbyane – som det «politiske slaget» ofte står mellom. Det kjem fram i  NIBR-rapporten, Mindre byer og regionsentre – roller og funksjoner i regioner og regional utvikling frå 2021.

Mindre byar og større tettstader utgjer ei viktig drivkraft i regionane. Det er ofte her ein finn universitet, høgskular, større verksemder, statlege arbeidsplassar, kulturtilbod og andre tenestetilbod. Dei er difor viktige motorar for utvikling og vekst i sine regionar. Kva om dei fekk større plass og meir politisk merksemd?

Vestlandsmeldinga frå 2021 til Agenda Vestlandet/Sparebanken Vest peikar ein på det ein har valt å kalle for «ankerkommunar». Desse er sentrum for ein sterk lokal region. Tenkinga vil nok raskt møte politisk motstand, men den er likevel spanande og eg trur ein gjer klokt i å tenke vidare kring desse tankane framover. Skal det vera mogleg er det etter mitt syn ein heilt sentral føresetnad at ein greier å etablere ei forståing av at dei regionale sentra, til dømes dei nemnte «ankerkommunane», og deira omland er gjensidig avhengige av kvarandre. Kvifor?

Vi veit  at ein god del av dei som arbeider, nyttar tenestetilboda og bidreg til vekst og utvikling i dei regionale sentra, bur og har sitt liv i omlanda til dei regionale sentra. Dei regionale sentra og omlanda deira utgjer på den måten det som vert omtala som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Difor må auka fokus på dei regionale sentra, også bety auka fokus på omlanda deira. Og kanskje særskilt bør samspelet mellom sentra og omlanda få merksemd. Kanskje kan ein utvikle ny spanande politikk på tvers av sentra og omlandet? 

Politikarar og dei som er opptekne av å utvikle regionane bør gje dei mindre byane og tettstadene, som saman med sitt omland kan vera motorar for utvikling, meir merksemd framover. Når ein no meislar ut partiprogramma som ein skal gå til val på i 92 kommunar og tre fylkeskommunar på Vestlandet, så er det eit godt høve til å gjera noko på dette feltet. Grip dykk sjansen?

Dette innlegget har også stått på trykk i fleire aviser på Vestlandet.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette må du vite om distriktsmeldinga

Dette var nyhendebrevet fredag 23. juni. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Heilt sidan Støre-regjeringa flytta inn regjeringskontora har det blitt bygd opp forventningar til distriktsmeldinga. Ikkje så rart når Senterpartiet sit i regjering. Då har...

Fem punkter fra RNB

Fem punkter fra RNB

Dette var nyhendebrevet fredag 12. mai. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Fra regjeringen i går rant det ut pressemeldinger som penger fra Oljefondet. Ikke bare ble revidert nasjonalbudsjett lagt fram, men flere andre nyheter ble sluppet denne...

Share This