Energikommisjonen må kjenne heile landet!

13 januar, 2022 | Innlegg

Mange har store forventningar til arbeidet som no skal gjerast av energikommisjonen som regjeringa skal setja ned. Når den skal setjast saman er det heilt avgjerande at regjeringa lyttar til seg sjølv og tek heile landet i bruk!

Mange har store forventningar til arbeidet som no skal gjerast av energikommisjonen som regjeringa skal setja ned. Når den skal setjast saman er det heilt avgjerande at regjeringa lyttar til seg sjølv og tek heile landet i bruk!
 
Støre-regjeringa har fått ei straumkrise midt i fanget. Debatten har rast i sosiale medium, i juleselskap og i lunsjpausar. Eg er blant dei som tidlegare har teke til ordet for at vi treng både kortsiktige og langsiktige tiltak for å møte denne krisa, og framtidige behov. I tillegg til å bøte på situasjonen med rekordhøge straumprisar på kort sikt, må ein difor samstundes sjå på meir langsiktige grep.  

51591355758 d9c0204306 k 1
Støre-regjeringen har fått en strømkrise midt i fanget. Foto: Stortinget


Eitt av desse grepa er å setja ned ein energikommisjon. Det er etter mitt syn eit klokt grep for å sikre legitimitet til energipolitikken og kraftsystemet framover. Ein slik kommisjon kan sjå på heilskapen, og deira arbeid vil kunne verta heilt avgjerande for om Noreg vil lukkast med å  utløyse potensialet for å skape nye arbeidsplassar som ein del av det grøne skiftet. Særskilt her på Vestlandet. 

Dei som vert oppnemnt i denne kommisjonen må etter mitt syn difor nytte dette høve til «å snu alle steinar». Det er viktig for å finne læringspunkt for framtida, og for å kunne peike på tiltak som skal stå seg over tid. Det bør også bety å sjå på om det å elektrifisere sokkelen på bekostning av å nytte krafta til industri på land er riktig på noverande tidspunkt. Eg trur det i lys av utviklinga den siste tida er naudsynt med ein ny og større politiske debatt om dette spørsmålet. 

Energikommisjonen sitt arbeid vil verta følgt nøye, og deira framlegg og vurderingar vil verta lest svært nøye. Av ulike grupper og interessentar. Eg trur deira arbeid kan få ei heilt sentral rolle i å sikre legitimiteten til eit politikkområde som no er svært konfliktfylt. Difor er det viktigare enn nokon gong at denne vert sett saman på ein måte som gjer at ein har brei representasjon – både i form av kunnskap, bakgrunn og ikkje minst geografi.  
 
Eg har sjølv tidlegare teke til ordet for i Nationen at det å gjera noko med den geografiske samansetnaden av offentlege utval vil vera eit smart fyrste grep for å ta heile landet i bruk. At Osloregionen dominerer i offentlege utval er godt dokumentert, med anna i denne NRK-saka, og det er ein tematikk som engasjerer. Offentlege utval og utgreiingar er arenaer og prosessar arenaer som er viktige for å forme og utmeisle framtidig politikk, og det er viktig at ein sikrar at perspektiv frå heile landet vert fanga opp. 
 
Når Solberg-regjeringa sette ned Strømnettutvalget i juni 2021 valte ein diverre å ikkje sikre ei brei geografisk samansetning. Når den nye regjeringa no skal oppnemne ein energikommisjon er det difor ikkje rom for at dette vert eit nytt utval som berre har representantar frå enkelte delar av landet. Her må alle regionar vera godt representert for å sikre kunnskap om utfordringane og behova i dei einskilde regionane, men ikkje minst for å sikre legitimiteten til arbeidet legitimitet.  
 
Viss ikkje trur eg ein fort kan kome skeivt ut allereie frå start.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This